Hopp til innhold

– Juleglade nordmenn skal ikkje ha dårleg samvit

Elizabeth Hoff frå Ålesund står midt i den urolege situasjonen i Aleppo i Syria og ser folk i svolt og naud. Ho meiner ikkje nordmenn skal ha dårleg samvit for ei overdådig julefeiring.

Elizabeth Hoff

I dette intervjuet helsar Elizabeth Hoff til dei aller næraste. Ho opplever jula i Aleppo som svært meiningsfull.

Foto: Salvatore Di Nolfi / Ap

Denne jula har du kanskje dytta ned endå ei julekake, trass i at kvalmen stig. Julepapiret har gjerne skjult gåver du verken har hatt bruk for og kanskje ikkje særleg lyst på. Nordmenn flest feirar jul utan å kjenne på svolt eller naud.

Elizabeth Hoff frå Ålesund er Verdas Helseorganisasjon sin representant i urolege Syria, og har hatt ei annleis jul. Likevel vil ho ikkje moralisere.

Nei, det syns ikkje ein skal ha dårleg samvit i det heile tatt. Eg syns det viktigaste er at ein kan kombinere det med også å hjelpe andre, slår ho fast.

Les også:

Helsar til familien i Ålesund

Elizabeth Hoff besøker syrisk skadd gut

Elizabeth Hoff då ho tidlegare i år besøkte ein skadd, syrisk gut.

Foto: WHO

Hoff er frå Ålesund og har store deler av familien sin her. Når ho blir beden om å helse heim, høyrer ein at stemma brest.

– Helsinga går då spesielt til bror min, han Henrik, og til ho Marte og han Peter, og alle niesene og nevøane mine, seier ho rørt.

I år blei det inga ålesundsjul for Hoff. Ho hadde ein kort juleferie i Japan, men har elles vore på post i Aleppo i Syria. Ho vedgår at det ikkje har vore mykje julestemning.

– Ikkje på den måten eg har når eg er heime, men eg har nok funne ein veldig varme i det å prøve å hjelpe så godt eg kan, seier ho.

Ikkje redd for krigsrakettar

Medan mange her heime lurer på om vêret vil gjere at vi ikkje kan sende opp fyrverkeri, opplever Hoff stadig krigsrakettar som slår ned i området. Ho seier likevel at at ho ikkje er redd.

– Vi hadde tre rakettar som fall ned ved hotellet vårt i går kveld. Dersom eg seier at eg er heilt trygg, så er det nok ikkje heilt sant og rett. Eg tenkjer ikkje så mykje på det, eg tenkjer meir på at arbeidet må gjerast, seier ho på ei dårleg telefonlinje.

Sjå tv-intervjuet med Elizabeth Hoff:

Et aktuelt og dyptpløyende intervjuprogram. Hver uke inviterer programleder Ole Torp en aktuell gjest til å sitte i stolen.

Meiningsfylt jul

Og ho har nok å ta tak i. Det er store øydeleggingar i Aleppo, byen ligg i ruinar. Folk er totalt avhengige av utdeling av mat og medisinar. Mange barn har mist foreldra sine, og det er også mange foreldre som leitar etter barn som har kome bort i flyktningstraumen.

Hoff seier fattigdommen og øydeleggingane gjer stort inntrykk.

– Akkurat no er dette kanskje den aller beste plassen eg kan vere. For det er vel det som er meininga med jula, å prøve å gi av det ein har, og hjelpe andre, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL