Hopp til innhold

Elizabeth Hoff: – Kvar og ein må krevje at krigshandlingane tek slutt

Elizabeth Hoff frå Ålesund er Verdas Helseorganisasjon sin represtant i urolege Syria. – Det ville vere løgn å seie at eg ikkje har frykta for mitt eige liv, seier ho.

Elizabeth Hoff besøker syrisk skadd gut

Norske Elizabeth Hoff leiar WHO i Syria. Her frå eit tidlegare sjukehusbesøk hos ein gut som nett har fått vite at familien hans er drepen i eit luftangrep.

Foto: WHO

Sist veke gjekk bileta av 5 år gamle Omran frå Aleppo verda rundt. Biletet av den redde guten vart eit symbol på den forferdelege situasjonen i Syria. Guten har truleg ikkje opplevd ein einaste dag utan krig, øydelegging og død.

00:00:01 / 00:00:371x
Bildene av en liten gutt som skal være skadet etter et angrep mot Aleppo blir spredd over hele verden

Biletet av fem år gamle Omran i Aleppo blei eit symbol på den forferdelege situasjonen i Aleppo.

– Forferdelege tilstandar

Midt i dette kaoset arbeider Elizabeth Hoff frå Ålesund. Som representant for Verdas Helseorganisasjon får ho den forferdelege situasjonen tett på seg.

– I Aleppo er det forferdelege tilstandar. Akkurat no forsøker vi med stor intensitet å få til ein våpenkvile i og rundt Aleppo, slik at vi får levert sårt tiltrengt mat og medisinar til befolkninga, seier Hoff til NRK.

Det er i dag om lag 300.000 menneske i aust-Aleppo som har vore kringsett sidan midten av juli. Også i vest-Aleppo har situasjonen forverra seg dag for dag.

– Lagra byrjar å verte tome, og dei skrik etter humanitær hjelp. Situasjonen er spesielt prekær i aust-Aleppo, seier helse-leiaren frå Ålesund.

– Aldri før vore ein liknande situasjon

Elizabeth Hoff seier det kjem stadig fleire nye såra kvar einaste dag. Skyting på bakken og eit stadig bomberegn gjer situasjonen svært alvorleg. Fleire sjukehus er øydelagde dei siste vekene. Berre i juli er 44 sjukehus bomba.

– Dette har skapt ein forferdeleg situasjon. Det har aldri vore ein liknande situasjon tidlegare. Folk er ikkje berre redde for å oppsøke legehjelp og sjukehustenester. Folk vil ikkje eingong bu i nærleiken av sjukehus. Sjukehus er blitt direkte bombemål.

– Eg trur at enkeltpersonar i heile verdssamfunnet må stå opp og krevje at dei politiske leiarane kjem seg til eit forhandlingsbord, blir samde og så sluttar med krigshandlingane. Det må kome ei endring. Dermed må enkeltindividet stå opp og seie at nok er nok.

Kvar månad blir det 25.000 nye skadde under krigshandlingane i Syria. Sjukehusa er overfylt og helsearbeidarane er utslitne. Håpet til Elizabeth Hoff er at det blir etablert ein våpenkvila som gjer det mogleg å nå folket i Aleppo med mat, medisinar og helsehjelp. Russland har gått med på ein våpenkvile i 48 timar for Aleppo.

Elisabeth Hoff i Syria

Elizabeth Hoff i arbeid i byen Goutha. Kort tid etter at VHO hadde levert mat til eit kjøpesenter i byen fall bombene.

Foto: BASSAM KHABIEH / WHO

– Har vore heldig

Elizabeth Hoff bur i Damaskus, ein by der situasjonen i bysentrum er langt meir fredeleg enn i Aleppo. Likevel har ho vore i situasjonar der ho har frykta for sitt eige liv.

– Eg ville ikkje vere ærleg om eg sa at eg ikkje har frykta for livet mitt. Eg går ikkje rundt og er redd heile tida. Men der har vore situasjonar der eg har skjønt at eg har vore heldig som har sluppe unna, seier Elizabeth Hoff.