Hopp til innhold

– I staden for å tene ei krone på panten, kva med å koste ein bonde 40.000?

– Du som tøffar deg med å hive ølboksane gjennom bilvindauget kan jo spørje dama du prøver å imponere om seigpining av husdyr er sexy eller ikkje, skriv bonden Lars Drabløs på Facebook. Innlegget er no delt over 13.000 gonger.

Lars Drabløs

RUNDBALL: Bonden Lars Drabløs fann ein oppriven ølboks i ein rundball på garden i Volda. Hadde enten ei ku eller ein sau fått det i seg, kunne det enda i nødslakt.

Foto: Privat

Synet av ølboksen i ein rundball fekk bonden Lars Drabløs til å rase. Hadde dyra fått den i seg, kunne det ha vore ein dødsdom, sei bonden.

Dette er den mest meiningslause måten ein kan miste eit dyr på.

Lars Drabløs

– Eg vert veldig irritert. Ein skal ikkje oppdage slike restar i fôret når ein veit kor stor risiko det har. Det er svært traumatisk for både dyr og eigar. Det er også eit stort økonomisk tap. Bønder har ikkje den høgaste inntekta, så slik sett vert det ein dobbel og trippel irritasjon, seier Drabløs.

Delt av fleire tusen

Bonden tok til Facebook for å få utløp for frustrasjonen.

Ikkje lenge etter strøymde det inn støtte frå heile Norge. Innlegget er no delt over 13.000 gonger.

– Eg er ikkje så aktiv på Facebook. Eg tenkte det kanskje var 300–400 som ville sjå det.

– Det er mange eg ikkje veit kven er. Nokre har kontakta meg direkte. Ein kom blant anna med tips om å kontakte ein sporhundklubb for å spore opp brusboksar, seier Drabløs.

Marte Heyerdahl Hannemyr
Foto: Skjermdump / NRK

Marte Heyerdahl Hannemyr frå Aust-Agder er ein av dei som valde å dele innlegget til Drabløs.

– Eg synast det er trist at nokon sleng metall ut i naturen. Eg ynskjer at dyra skal sleppe å lide for menneskes dumskap, fortel ho til NRK.

Tommy Heggen Lars Drabløs
Foto: Skjermdump / NRK

Innlegget vart også delt i Vestfold. Tommy Heggen seier dette er eit godt eksempel på noko lite som kan bli til alvor.

– Eg tenkte mest på at vi ofte er ubevisste i våre handlingar i forhold til moglege konsekvensar. Dette er eit eksempel på kor små, i manges auge ubetydeleg handling, kan få skremmande ofte store og fatale konsekvensar, sei Tommy Heggen.

– Tørr å sei frå

Drabløs driv samdrift saman med tre andre bønder og har kyr og sau. Han har tidlegare måtte slakta dyr fordi dei har fått i seg skarpe gjenstandar.

– Dei færraste ynskjer å plage dyr, så eg håper innlegget kan ha ein viss effekt.

No håpar bonden at folk tenkjer meir over kva dei kastar ut i naturen.

– Eit slik problem trur eg aldri forsvinn for folk vil alltid oppføre seg dumt. Eg håper det kan få folk til å passe på kvarandre. Tørr å sei frå til folk på fest eller som er på veg å kaste ei ølboks ut vindauget på ein bil, at dette faktisk er uforsvarleg, seier Drabløs.