Hopp til innhold

– I dag viser vi Vestlandet frå si beste side

SJÅ BILETA: Tusenvis hadde møtt opp på kaia i Ulsteinvik for å lage folkefest.

Sommerbåtemn ulsteinvik

Laurdag kom sommerbåten til Ulsteinvik. Fleire tusen hadde møtt opp på kaia i Ulsteinvik.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Varaordførar i Ulstein Knut Erik Engh var svært fornøgd med dagens oppmøte.

– I dag viser vi Ulsteinvik og Vestlandet frå si beste side, seier han og smiler.

Ulike kulturinnslag frå scenen med korsang, drilljenter, turning, dans og song var noko av det som stod på programmet då sommarbåten kom til Ulsteinvik klokka 14.00 laurdag.

Ulsteinvikingane har vore i full sving den siste tida for å gjere alt klart til innkomsten, og fleire tusen møtte opp for å ønske NRKs Sommerbåt velkommen til Sunnmøre.

– Fantastisk!

Varaordføraren var imponert over alle som hadde møtt opp.

Varaordførar i Ulstein Knut Erik Engh

Varaordføraren Knut Erik Engh var imponert over alle som hadde møtt opp.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Oppmøtet er heilt fantastisk. Det betyr mykje for Ulsteinvik og resten av regionen å få vise seg fram på ein dag som i dag, seier Engh.

Og stemninga på Kommunekaia midt i Ulsteinvik sentrum var det ingenting å seie på.

– Det er nok fleire tusen her. Dette er utruleg moro. Eg er veldig imponert over dei som har jobba så hardt for å få alt dette på plass, seier Engh.

– Gøy og skummelt

Silje Eiken Vatne (11) og Dina Worren Eikrem (12) var to av turnarane som var med på å bidra til folkefesten laurdag ettermiddag.

Turnjenter

Silje Eiken Vatne (11) og Dina Worren Eikrem (12) syntest det var gøy å opptre for sommarbåten.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det var både gøy og skummelt å opptre framfor så mange folk. Eg hadde litt sommarfuglar i magen, seier Vatne.

No ser dei to jentene fram til å vere med på festen seinare i kveld.

– Eg gler meg til å sjå alt som skjer. Eg syntest det er gøy at sommarbåten har tatt turen til Ulsteinvik, seier Eikrem.

Turning Ulsteinvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL