Hopp til innhold

Sommerbåten på plass i Ulsteinvik

Eit fullpakka Ulsteinvik sentrum stod klare for å ta imot NRKs Sommerbåt laurdag ettermiddag.

Sommerbåten i Ulsteinvik

ULSTEINVIK: NRKs sommerbåt er på plass i Ulsteinvik.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Laurdag var det endeleg Ulsteinvik sin tur til å ta i mot sommarbåten MS «Sjøkurs» på sin veg nedover kysten. Fredagen var båten i Molde, og det vart både feststemning og frieri på storkaia i byen.

Klokka 14.00 la NRKs Sommerbåt til kai ved Kommunekaia midt i Ulsteinvik sentrum. Båten fekk selskap av mange fritidsbåtar som følgde sommerbåten det siste stykket mot Ulsteinvik.

Flagg, store folkemengder, musikk,dans, turning og feststemning prega Ulsteinvik sentrum då sommerbåten la til kai.

Sommerbåten i Ulsteinvik
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Sommeråpent direkte frå Ulsteinvik

Laurdag kveld kan tv-sjåarane oppleve Sommeråpent direkte frå Ulsteinvik klokka 21.40. Programleiarane Nadia Hasnaoui og Atle Pettersen står klare for dekke folkefesten.

Der skal blant anna Jenny Langlo frå Stordal kommune og amerikanaren Adam Douglas stå for musikken.

Sommerbåten i Ulsteinvik

I tillegg vil 19 år gamle Eirik Sætre Hove frå Volda imponere publikum med jojo-triks. Hove er tidlegare kjent frå «Norske Talenter» og er aktuell for jojo-VM i Japan.

– Nokre overraskingar blir det både i Molde og i Ulsteinvik. Vi håper på ein folkefest, seier Thomas Hellum, prosjektleiar for programmet Sommeråpent.

I løpet av sommaren skal NRKs Sommerbåt «MS Sjøkurs» vere innom 41 hamner langs heile Norskekysten.

Neste stopp på sommerbåten si reise blir Florø 14. juli.

Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager

Her kan du følge Sommerbåten direkte på turen sørover langs kysten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL