Hopp til innhold

– I dag er alle på laget heltar

Aalesund slo serievinnar Rosenborg 2–1 og klatra opp frå direkte nedrykk til kvalifiseringsplassen. No vonar både spelarane, støtteapparatet og alle som heiar på AaFK på siger også i dei attståande kampane.

Eliteserien fotball 2017, Aalesund - Rosenborg.

Trenar Trond Fredriksen kallar alle på AaFK-laget heltar etter kampen mot Rosenborg.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Aalesund hadde ikkje vunne sidan i sommar. Men endeleg blei tapsrekkja broten. Og på stadion i Ålesund var det sterke jubelscener.

– Slik er fotballen. Enten er du idiot eller så er du helt. I dag er dei som sit i garderoben etter kamp helta heile gjengen. Maken til kollektiv laginnsats har vi ikkje hatt på lenge. Å gå fire månader utan å vinne ein fotballkamp gjer vondt for oss alle. Då er det desto deiligare i dag å stå her og endeleg ha vunne, seier trenar Trond Fredriksen.

– Utruleg deilig

Aalesund hadde sidan i sommar styrt mot direkte nedrykk. 25. juni var datoen då AaFK vann ein kamp sist gong. Og det såg ikkje særleg lyst ut då Nicklas Bendtner gav Rosenborg leiinga 1–0 etter noko som kanskje var eit forholdsvis billeg straffespark.

Men AaFK gav ikkje opp. Og etter 68 minutt kunne Mostafa «Mos» Abdellaoue sette inn utlikninga.

– Dette er utruleg deilig. Det er lenge sidan vi har vunne. Denne kjensla er utruleg deilig, sa Mostafa Abdellaoue til NRK etter kampen.

– Vi skal greie dette

Aalesund har slite sidan i sommar. Men no trur også Abdellaoue at laget skal klare å stå i øvste divisjon også denne gongen.

– Dette gjev oss meir sjølvtillit. Vi skal vise at vi greier dette. Vi har to tøffe kampar igjen. Men spelar vi slik vi gjorde i dag tek vi tre poeng i begge dei attståande kampane, seier AaFK-spissen.

– Viktig å vinne, uansett motstandar

Tidlegare på dagen hadde Sogndal tapt for Tromsø. Med siger til AaFK bytta laget frå Sogn og Fjordane og Aalesund plass på tabellen. Og det var Edwin Gyasi som sørga for siger til laget frå Sunnmøre.

– Endeleg. Det var svært viktig for oss å vinne i dag. Uansett kva motstandar vi møtte i dag så måtte vi vinne. Eg har scora vinnarmålet fleire gonger denne sesongen og gjorde det i dag også. Denne var spesiell. For vi er i ein vanskeleg situasjon. No er eg berre lukkeleg etter å ha scora vinnarmål mot det beste laget i Noreg, seier Edwin Gyasi.

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL