Hopp til innhold

- Alle sjukehus må behandlast likt

Tidlegare i veka bad Helse Møre og Romsdal Helse Midt-Noreg om omstillingsmidlar. I dag fekk Oslo-sjukehusa lovnader 300 millionar til akkurat dette frå helseministeren. No reagerer fleire i Helse Midt-Noreg.

John Harry Kvalshaug

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug, meiner

Foto: Trond Vestre / NRK

Det var etter eit møte med leiinga i Helse Sør-Øst, at helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen kom med lovnadene om 300 millionar ekstra til omstillingsmidlar, som skal kome over statsbudsjettet.

Sterke reaksjonar

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug, reagerer og forventar no meir pengar til sjukehus andre stadar i landet.

– Dette må vere ei vedgåing at fusjons- og omstillingsprosessar har ein ekstra kostnad. Når nokon får kompensasjon for slike ekstrakostnader, så må det vere likt for heile landet, seier styreleiaren.

Ba om midlar tidlegare i veka

Tysdag denne veka skreiv NRK om Helse Møre og Romsdal som bad Helse Midt-Noreg om omstillingsmidlar.

– Omstillinga vil krevje eit titalls millionar ekstra, som vi håper å få frå Helse Midt-Norge, sa då Kvalshaug til NRK.

I tillegg til desse utgiftene skal Helse Møre og Romsdal spare inn 130 millionar kroner i løpet av neste år.

Bør vere likt

Sigmund Eidem

Konserntilitsvald i Helse Midt-Noreg, Sigumd Eidem meiner alle helseføretaka treng midar, det er greitt at berre Oslo-sjukehusa no tek imot meir pengar.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Konserntilitsvald i Helse Midt-Noreg Sigmund Eidem er provosert over prioriteringa til helseministeren.

– Eg har kontroll frå Volda til Namsos og det "brenn" iallfall heile vegen der i dag. Eg vil tru at etter kvar som dette vert kjend vil det bli uro frå Rogaland til Finnmark. Dette går ikkje an!

Eidem meiner no at andre helseføretak òg bør få midlar.

– Alle treng fleire midlar. Dette handlar ikkje om at eg ikkje ser at Oslo Universitetssykehus treng pengane. Men etter ein par turar til Molde i fjor må helseministeren skjønne at ho ikkje kan gjere dette utan at det kjem midlar til dei andre føretaka.

Kva skjer om pengane ikkje kjem?

– Då blir det stopp i omstillingane og helseministeren vil miste tillit kanskje alle andre plassar enn i Oslo, meiner Eidem.

– Ei misforståing

Direktør, St. Olavs Hospital, Gunnar Bovim.

– Det heile er ei misforståing, meiner administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Gunnar Bovim.

Foto: NRK.

Gunnar Bovim som er administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, meiner heile saka er ei misforståing.

– Helse og omsorgsdepartementet har hatt eit såkalla føretaksmøte med Helse Sør-Øst, det ein har informert. meir pengar. Dette er altså ikkje ein tilførsel av pengar, men ei mulegheit til å ta opp lån, seier Bovim. .

Men kvifor reagerer då helseregionane? Kan ikkje Helse Møre og Romsdal eller Helse Midt-Noreg òg låne meir pengar?

– Helse Midt-Noreg har den største låneporteføljen per i dag. Vi har hatt fleire utbyggingsprosjekt, blant anna St. Olavs Hospital, så dei har så mykje lån dei kan forsvare, seier Bovim.

Han meiner det beste Helse Midt-Noreg og andre regionar i same situasjon kan gjere er å drive sjukehusa effektivt.