Helsetilsynet har påpeikt at dei to kommunane har brukt tvang mot enkeltpersonar, utan at dei formelle retningslinjene er følgde. Avdelingssjef i Molde, Bente Hegdal, seier dei tar dette alvorleg, og at forholda no er retta opp.
Må gjere vedtak
Før helsepersonell kan bruke tvang må det gjerast eit såkalla vedtak i saka og dette må overprøvast av fylkesmannen. Helsetilsynet har avdekt at dette ikkje alltid har blitt gjort i Molde og i Herøy.
I dei fleste tilfella er det snakk om tvang i form av innelåsing av eigedelar, mat, røyk eller andre ting som pasienten ikkje skal få uavgrensa tilgang til. Men kommunane har heller ikkje følgt rutinane der pasientar har blitt haldne fast fordi dei har vore utagerande. Også i Herøy er feila no retta opp ifølgje pleie og omsorgssjef Ragnhild Velsvik Berge.