Hopp til innhold

Fleire ras natt til torsdag

Onsdag kveld gjekk det igjen eit ras frå Veslemannen i Rauma. Og natt til torsdag gjekk det fleire ras, men det har roa seg noko torsdag morgon. Rørslene i den mest aktive delen av fjellpartiet har no ei fart på 80–90 cm i døgnet.

Seint onsdag kveld gjekk det endå eit ras frå Veslemannen.

– Det har gått fleire ras frå Veslemannen i Rauma i løpet av natta, men det har roa seg noko ned i morgontimane, fortel seksjonssjef Lars Harald Blikra i NVE. Det er framleis store rørsler, men dette kan variere litt, avhengig av kor mykje smeltevatn det er som renn ned i fjellet.

Seint onsdag kveld gjekk det eit ras frå Veslemannen. Geologane veit så langt ikkje kor stort dette raset var, samanlikna med tidlegare.

– Raset gjekk ganske langt ned. Vi har sett store rørsler i dette punktet gjennom heile dagen, så raset var venta. Dette viser også at overvakinga fungerer bra, seier geolog Gudrun Dreiås Majala i NVE til NRK onsdag kveld.

Rørslene i den mest aktive delen er no oppe i 80–90 cm i døgnet.

– Vi ser at det er store rørsler i heile fjellpartiet. Desse har også auka i løpet av dagen. Det kan difor gå fleire ras av ulik storleik, seier Majala.

Sjå nattkameraet frå fjellet Mannen.

Stor aktivitet

Onsdag kveld bestemte NVE seg for å behalde raudt farenivå for fjellpartiet Veslemannen. Aldri før har rørslene i toppartiet vore så store, fortalde seksjonssjef Lars Harald Blikra i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) på ei pressekonferanse klokka 18.00.

Lars Harald Blikra

Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE, håper at det vil komme fleire og større ras frå Veslemannen enn det som har kome til no.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Vi har sett steinblokker på 10 gonger 10 meter kome nedover. No er det også store rørsler i den nedre delen av fjellet, det som held fjellet på plass. Der har rørslene vore fem centimeter det siste døgnet, sa Blikra.

Trass mindre nedbør onsdag har høgare temperaturar ført til meir snøsmelting, noko som skaper store rørsler i fjellpartiet. Det er også meldt mildvêr dei neste dagane, og NVE forventar difor at rørslene vil halde fram.

Sjå forklaringsvideoen for kva som vil skje dersom det går eit ras frå fjellet Mannen i Rauma:

Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. På fire år har deler av fjellet flyttet seg sju meter!

Sjå forklaringsvideoen: Ingen veit når det vil kome eit større ras frå fjellet Mannen i Rauma, men geologane veit at det vil skje. På fire år har deler av fjellet, kjent som Veslemannen, flytta seg sju meter.

Håper på større ras

Sivilforsvaret sin lyttepost har registrert fleire steinsprang ved Mannen det siste døgnet. I 08.20-tida onsdag morgon gjekk det også eit større skred frå Veslemannen.

– Dei har meldt om rundt 15–20 steinsprang i dag. Vi har registrert endå fleire på våre måleinstrument. Faktisk har det vore så mange at det ikkje er mogleg å telje alle, sa Blikra onsdag kveld.

Lars Harald Blikra tar bilde av Mannen

NVE og seksjonssjef Lars Harald Blikra følgjer situasjonen ved Mannen tett.

Foto: Roar Strøm / NRK

Den mest aktive delen av Veslemannen har flytta seg 2,7 meter den siste månaden. I løpet av hausten har det vore fleire ras frå det rasfarlege partiet. Men så langt ser det ut som dei fleste rasa som har kome frå fjellet har vore relativt små.

– Vi håper på større ras enn dei som har vore til no, slik at vi får ned ein del av dei lause massen som er der oppe. Og at vi på den måten kan få slutt på stadige evakueringar for dei som bur under fjellet, seier Blikra.

NVE overvakar fjellet kontinuerleg. Blikra seier likevel at det er vanskeleg å vite kor stort eit ras frå Veslemannen vil bli.

– Utfordringa vår er å vite om det kjem mange småras eller om det går eit stort ras. Men vi kan ikkje utelukke eit stort ras så lenge det er rørsler i ein stor del av fjellpartiet.

Også Rauma-ordførar Lars Olav Hustad håper på fleire og større ras frå Veslemannen.

– Dersom det store raset ikkje kjem, så håper vi at det rasar så mykje at det som er igjen ikkje truar busetnad og jernbana i framtida, seier han.

Onsdag morgon gjekk det igjen eit ras frå fjellet Mannen i Rauma.

Transportnæringa er uroa

Lars Olav Hustad

Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma, seier at oppjusteringa av farenivået ved Mannen skaper utfordringar både for dei som bur under fjellet og transportnæringa.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Så langt i år har farenivået ved Mannen blitt heva til raudt fem gonger. Kvar gong dette skjer blir dei som bur under fjellet evakuert og Raumabanen stengt.

I tillegg til at situasjonen er utfordrande for dei evakuerte, får Hustad også ein del spørsmål frå transportnæringa som er uroa for konsekvensane.

– Eg er redd for at dette vil true godstrafikken på Raumabanen og ikkje minst arbeidsplassar i kommunen, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL