Hopp til innhold

– Giske bryt lova fordi dei ikkje har sjukeheim

Fylkeslegen meiner at Giske ikkje tilbyr naudsynte tenester til sjuke eldre. Kommunen har berre sjukeheimsplass til personar med demens.

Giske omsorgssenter, Bjelke innfelt

Fylkeslege Christian Bjelke meiner at det ikkje er godt nok av Giske kommune å berre tilby omsorgsbustader. Han meiner dei bryt lova ved å ikkje ha institusjonsplassar.

Foto: montasje / NRK

Våren 2012 opna det nye omsorgssenteret i Giske. Etter planen skulle det vere ein sjukeheim, men kostnadene vart for store, og i staden vart det bygt bukollektiv med 40 plassar. Allereie frå starten slo dei pårørande alarm. Blant anna var dei uroa for bemanninga på nattetid, og det kom fram episodar om eldre som ringde pårørande midt på natta fordi dei ikkje fekk hjelp.

– Det Giske kommune driv med er eit risikoforhold, seier fylkeslege Christian Bjelke. Fylkeslegen oppretta ny tilsynssak i august og konklusjonen er at Giske kommune har brote kravet om å tilby sjukeheimsplass.

LES OGSÅ:

Treng institusjonsplass

Giske kommune har berre åtte institusjonsplassar og dei er øyremerkt for personar med demens. Utskrivingsklare pasientar som er for sjuke til å bu heime, vert plassert i bukollektiv. Sjølv om omsorgsbustadene har bemanning heile døgnet, er dette ikkje bra nok, ifylgje fylkeslegen.

– Det finst pasientar i Giske som treng korttidsplass på sjukeheim etter å ha vore innlagt på sjukehus, seier Bjelke.

Eit anna forhold han peikar på er det økonomiske. Det vert dyrare for pasienten å få tenester i bukollektiv, i staden for på ein institusjon.

Pårørande er uroa
Runar Finvåg

Pasientombod Runar Finvåg er uroa for at pasientane ikkje får hjelpa dei har krav på.

Foto: Roar Halten / NRK

Pasientombod i Møre og Romsdal, Runar Finvåg, seier at dei har blitt kontakta av fleire pårørande. Ingen av dei ynskjer å prate med NRK.

– Både pårørande og vi er uroa for at brukarane ikkje får den hjelpa dei har behov for. Det har også med tryggleik å gjere, seier Finvåg.

Han forklarer at ein sjukeheimsplass har eit heilt anna innhald enn ein omsorgsbustad. Ein sjukeheim skal etter krava ha lege og ansvarleg sjukepleiar. I tillegg er det visse bemanningsnormer.

– Å bu i omsorgsbustad er som å bu heime og ta imot tenester. Dei eldre må bruke fastlegen, som det kan vere vanskeleg å få tak i, seier Finvåg.

Han er uroa fordi stadig fleire kommunar bygg ned institusjonsplassar og satsar på bukollektiv, slik som Giske.

Kommunen er overraska

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug, seier at omsorgsbustadene har god bemanning med faglege kvalifikasjonar, tilsvarande ein sjukeheim. Han forstår difor ikkje kritikken fylkeslegen kjem med.

– Vi er veldig overraska. For to-tre år sidan gjekk fylkeslegen gjennom tilbodet og hadde ingen merknader på omsorgsplassane. Vi meiner sjølve at vi driv på ein forsvarleg måte, seier Valderhaug. Han presiserer at dei tar klagen frå fylkeslegen særs alvorleg og vil gå nøye gjennom saka.

Giske kommunen inviterer no fylkeslegen til eit møte. Kommunestyret skal også handame klagen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL