Hopp til innhold

Kval trugar fiskebestanden

Dersom ikkje kvalfangsten aukar, blir bestanden av kval så stor at den utgjer eit trugsmål mot fiskebestanden i havet, meiner kvalfangar.

Hvalfangstskuta Kato

Ole Mindor Myklebust vil ha større kvotar og betre lønsemd i kvalfangstnæringa.

Foto: Sylvi Inez Liljegren / NRK

Ole Mindor Myklebust er ein av to kvalfangarar i Møre og Romsdal.

- Det blir tatt altfor lite kval og det kan til dømes føre til at loddebestanden går kraftig ned i Barentshavet, seier Myklebust.

Kvalen er på toppen av næringskjeden i havet og forsyner seg av dei artane som vi tek ut årlige kvotar på, slik som torsk, sei, lodde, sild og makrell.

Hvalfangstskuta Kato

Ole Mindor Myklebust kan tenke seg å få fleire konkurrentar

Foto: Sylvi Inez Liljegren / NRK

Myklebust meiner det må bli betydeleg fleire som fangstar på kval. Kvalbestanden i nordaustre del av Atlanterhavet er berekna å ligge på rundt 120.000 dyr.

Fangsten bør minst tidoblast for å halde bestanden nede, meiner Ole Mindor Myklebust.

- Men då må også lønsemda i næringa bli betre samanlikna med andre fiskeri.

Reagerer på kritikk

Laber kvalfangst

Sunn og god mat

Ole Mindor Myklebust

Ole Mindor Myklebust håper at han får selskap av mange kvalfangarar i framtida.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Myklebust deltek på Matfestivalen i Ålesund denne veka. Han framhevar kvalkjøtet som særdeles proteinrikt og at fettet i kjøtet er sunt for kroppen.

- Det er no rundt 30 år sidan vi hadde kvalfangst av betydning i Noreg. Dei nye generasjonane som har vakse opp sidan den tid kan svært lite om tilbereding av kvalkjøt.

Myklebust sjølv seier med eit smil at han har vakse opp på fordervakokt og fordervasteikt kvalkjøt. No lagar han vok av kvalkjøt som råstoff som eit døme på korleis kvalkjøtet kan brukast i dagens kjøkken.

I år har 17 båtar vore med på kvalfangst, to av dei frå Møre og Romsdal. Myklebust fryktar at etter desse to er det ingen til å ta over.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL