Hopp til innhold

– Flott med open dag på stadion

MOLDE (NRK): I dag kunne alle som ville få oppleve både spelarane og stadion i Molde på nært hald. Her var det mogleg å få spele ball med proffane, det vanka autografar og mange nytta høvet til å ta selfie med heltane sine.

Camilla Steinshamn Aandal Niklas Kaja Sofie

Camilla Steinshamn Aandal storkosar seg på open dag saman med Kaja Sofie og Niklas.

Foto: Roar Strøm / NRK

Til tider var det kø for å få tak i dei mest attraktive autografane. Men kva gjorde vel det når det venta noko veldig godt og kjekt i andre enden av køen? Det var berre smil og glede å sjå på stadion i Molde i dag.

– No var det open dag og ungane likar å halde på med ballspel. Då var dette ein fantastisk sjansen til å få sjå korleis eit stadion og ein fotballbane eigentleg er, seier Camilla Steinshamn Aandal til NRK.

Sander Svendsen

Tenk å få ta selfie saman med Sander Svendsen, gitt ...

Foto: Roar Strøm / NRK

– Storkosar seg

Ho er på stadion saman med store deler av familien sin. Og barna Niklas og Kaja Sofie har fått på seg dei gode, varme, kvite og blå genserane med MFK-logo på. Og dei stortreivst ute på matta.

– Du ser no at ungane storkosar seg, seier mamma Camilla som også ser ut til å kose seg like mykje.

Autografkø Molde stadion

Slik såg autografkøa ut på stadion i Molde laurdag.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Heilt supert

Camilla Steinshamn Aandal er ikkje i tvil om at slike arrangement har stor betydning. Arrangementet er med på å spleise klubben og lokalsamfunnet.

– Dette er heilt supert. Og det er flott at ungane får sjå at fotballspelarar er vanlege folk også. Og det er jo ikkje kvar dag vi kan kome og helse på dei, seier ho.

Og Niklas er ikkje i tvil der han står ute på grasmatta. Ein gong, når han blir stor, skal han bli keeper på MFK.

Niklas Steinshamn Aandal

Niklas er ikkje i tvil, og han er allereie i gang. Han skal bli keeper på MFK når han blir stor.

Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL