Hopp til innhold

– Eg er skuffa over bøndene

Regjeringa vil ha strukturendring i landbruket slik at ein får større bruk. Frp-politikar meiner at det er nødvendig for å auke matproduksjonen.

Oscar Grimstad

Oscar Grimstad meiner det er viktig å huske på at bøndene ikkje har låg løn samanlikna med andre yrke. Dei får meir betalt enn hjelpepleiarar, seier Grimstad.

Foto: Maria Vevang / NRK

Oscar grimstad

Oscar Grimstad (Frp) representerar Møre og Romsdal på Stortinget.

Foto: Maria Vevang / NRK

Bønder i heile landet protesterer etter at det tysdag blei brot i jordbruksoppgjeret. Frp-politikar Oskar Grimstad, som sit på Stortinget for Møre og Romsdal, er skuffa over måtane bøndene aksjonerer på. Han meiner at bøndene er inga låglønsgruppe.

– Eg blir skuffa når eg ser at bøndene vel å helle ut 5000 liter mjølk i protest mot regjeringa. Det er ein måte å demonstrere på som eg trur få syns noko om, seier Grimstad.

Hittil har bøndene vore kreative i aksjonane sine. I Ørsta tømde bønder ut utblanda mjølk langs E39, på Averøy vart butikkdører sperra med rundballar og fleire andre stader i landet har traktokolonner forseinka trafikken.

– Vi må også huske på det at bøndene tener meir enn mange andre yrkesgrupper her i landet.

Vil ha fleire store gardar

Han fortel at talet på bønder har minka i lang tid. Grunnen til dette er strukturen i jordbruket, ifølgje politikaren

– Mange små bruk, og premieringa av dei, er grunnen til at vi har fått dette resultatet.

Auke mjølkeproduksjonen

Regjeringa ønskjer å auke mjølkekvoten til eit felles kvotetak på 1,2 millionar liter i staden for dagens tak på 400 000 liter. Grimstad vil at småbøndene skal slå seg saman i større bruk.

– Fordelen med dette er også ei ordna arbeidstid. Eg syns at bøndene fortener å vite når dei skal på jobb og når dei har fri.

I fiskerinæringa har ein valt å endre struktur. Færre men større skip vil gjere både fisket og den finansielle fangsten større, meiner Frp-politikaren.

Ikkje overraska over aksjonane

Elisabeth Nørve

Elisabeth Nørve (H) seier at bøndene bråker kvart år, og ein bør ikkje bli overraska over krava deira.

Foto: Maria Vevang / NRK

Bondelagsleiaren i Møre og Romsdal, Inge Martin Karlsvik, sa denne veka til NRK at regjeringa ønskjer eit anna landbruk enn det bøndene sjølv vil ha. Dei små bruka vil tape på tilbodet som er om lag ti prosent av det bøndene krev. Gardbrukarane vil ha 1,5 milliardar kroner, men staten er villige til å gi 150 millionar.

Stortingsrepresentant, Elisabeth Nørve (H), er ikkje overraska over protestane frå bøndene.

– For dei som har følgt med dette kvart år så er det ingen overrasking at bøndene bråkar uansett. Dei kjem med saftige krav kvar vår, seier Nørve.

– Bøndene kan få meir

Ho håper at dei vil finne gode løysingar. Sjølv vil ho ha eit meir drivedyktig landbruk. Ho er redd for at endå fleire vil forsvinne. No blir det opp til Stortinget å bestemme kor mykje bøndene skal få til neste år.

Grimstad er usikker på resultatet av dei forhandlingane.

– Det er mogeleg at det vil kome ei auke. Men eg trur at strukturplanen som Listhaug har levert vil vere den same.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL