Hopp til innhold

– Eit tydeleg bilde på overflodssamfunnet

Store mengder klede ligg igjen på skulane når det går mot sommarferie. Spjelkavik barneskole har samla inn 20 søppelsekkar på eit halvår. Nesten ingenting blir henta.

Kleskaos hos skule i Ålesund

RYDDAR OPP: Bendik Karlsen og Ine Mari Trandal sit i elevrådet. Dei tar oppgåva med å sortere sekkevis med klede som ligg igjen på skulen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det er sjukt mykje klede her. Eg forstår ikkje korleis folk klarer å legge frå seg alt dette, seier Bendik Karlsen.

Bendik Karlsen og Ine Mari Trandal er begge elevar ved Spjelkavik barneskole i Ålesund. Dei sorterer og legg fram kleda for at folk skal kunne finne det dei har gløymt.

Eg synast foreldra bør ta tak

Ine Mari Trandal, elevrådsleiar

Sekk etter sekk blir tømt opp på borda. Elevrådsleiar Ine Mari Trandal meiner folk bør gripe denne sjansen.

– Eg synast foreldra burde ta tak, kome og sjå på kleda for å finne ut om det er barna sine, seier Trandal.

Kleskaos hos skule i Ålesund

HAUGEVIS: Av alle kleda som ligg igjen før sommarferien, er det ein minimal del som blir henta. Resten går til Fretex.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Dei store haugane med klede er eit tydeleg bilde på overflodssamfunnet i 2017, meiner Stig Johansen som er undervisningsinspektør på skulen.

– Under ti prosent av kleda blir henta av foreldre, seier han.

– Det fortel litt om samfunnet når vi heller kjøper nye klede, enn å leite etter det som er gløymt igjen, legg Johansen til.

Kleskaos hos skule i Ålesund

OPPGITT: Undervisningsinspektør Stig Johansen meiner desse kleda tydeleg viser at vi bryr oss for lite.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Han får støtte frå kollega Tone Ellen Thunem.

– Vi viser barna kor likegyldige vi er til å ta vare på det vi brukar pengar på. Mykje av dette er ikkje billigvarer heller, seier ho.

Kleda som ikkje blir henta innan fristen blir sendt vidare til Fretex. Sjølv om det er eit godt formål, meiner Bendik Karlsen at det burde vore annleis.

– Det er flott at vi gir det til Fretex. Men eg synast folk burde ta betre vare på kleda, i staden for å kjøpe nye heile tida, seier Karlsen.