Hopp til innhold

– Eit kraftig signal til Solberg-regjeringa

KrF forventar at regjeringa kjem med eit nytt og betre tilbod som kan bringe begge samarbeidspartia tilbake til forhandlingsbordet.

Rigmor Andersen Eide

Stortingsrepresentant i KrF, Rigmor Andersen Eide, seier partiet framleis er opne for å forhandle.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Det seier stortingsrepresentant i KrF, Rigmor Andersen Eide, etter møtet i stortingsgruppa i dag.

Klokka 10.10 møttest KrFs stortingsrepresentantar til eit ekstraordinært gruppemøte på Stortinget. Med på telefon var fylkesleiarane i landsstyret. Nokre timar seinare kom nyheita om at KrF no bryt forhandlingane om statsbudsjettet.

Men døra er framleis open dersom regjeringa vil, seier Eide.

– No har vi gitt eit kraftig signal til Solberg-regjeringa at dei må kome med eit nytt tilbod. Døra vår står open fram til måndag når dette skal avgjerast, seier ho.

– For stor avstand

Eide meiner det er for stor avstand mellom regjeringspartia på dette tidspunktet.

– Dette gjeld spesielt i forhold til klima og miljø. Vi har vore einige med regjeringa og ikkje sett noko ultimatum når det gjeld prisane på bensin og diesel. Det vi syns er vanskelegare å akseptere at ordningar som gir fordelar til dei fossile bileigarane. Dette er stikk i strid med politikken vår og ikkje berekraftig på lang sikt.

Eide seier at dette er pengar som dei heller kunne tenkt seg å bruke på heilt andre område.

– Dette pengar som vi heller ville brukt på distrikta, skule, utdanning, eldreomsorg osv. Ei slik belønningsordning blir, seier ho.

– Vi er fornøgd med mykje av det regjeringa har kome med, men det er akkurat den delen som går på det grøne skiftet som er utfordrande for eit miljøparti som KrF, held ho fram.

Har ikkje vurdert kabinettspørsmål

I går blei det kjent at Venstre nektar å støtte statsbudsjettet. Eide ser ikkje bort frå at brotet i forhandlingane kan resultere i ei regjeringskrise, men meiner det framleis er tidleg i prosessen.

– Vi har ikkje tatt stilling til kabinettspørsmål, vi steller oss til sjølve budsjettet. Det er det viktigaste å få gjennomslag for no, seier ho.

– Kva gjer de dersom de får eit tilbod som KrF kan godta, men ikkje Venstre?

– Det er noko vi må kome tilbake til når det eventuelt skjer, men politikken er viktigast for oss, seier Eide.