Hopp til innhold

– Ein kjem langt med 200 millionar

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) møtte i dag samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) til debatt i Dagsnytt 18. Tryggestad håper på ekstramidlar til tiltak ved det rasutsette området Grande i Geiranger, men som NRK melde tidlegare i dag har ikkje Dale planar om å dele ut det no. – Vi har bidrege til rassikringsmidlar til fylket, som dei sjølve må fordele. Dessutan må det på plass mellom anna regulering og eit planlagt prosjekt. Per no finst det ikkje noko prosjekt å ta omsyn til, sa Dale under debatten. Tryggestad la på si side vekt på å få å få ned ventetida og at prosjektet nødvendigvis ikkje blir så dyrt. – Eg trur ein kjem langt med 200 millionar kroner, sa Stranda-ordføraren. Han kalla likevel signala frå samferdselsministeren for lovande. – Vi skal få på plass alle detaljar som trengst, varslar Tryggestad.

Jan Ove Tryggestad
Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL