Hopp til innhold

– Responsen gjer meg varm om hjartet

Forfattar Maria Parr frå Vanylven gler seg over responsen etter premieren på TV-serien Vaffelhjarte. Serien som byggjer på boka hennar hadde premiere på NRK fredag.

Video Parr gler seg over responsen

Maria Parr gler seg over responsen etter premieren med TV-serien Vaffelhjarte. Serien byggjer på boka hennar med same tittel.

Det er Maria Parr som har skrive den varme historia om Trille og Lena og dei andre figurane i det vesle lokalmiljøet, som er filma på øya Runde på mørekysten.

Eg blir varm om hjartet av responsen. Siste dagane har vore veldig kjekke. Folk har sagt at dei gler seg. Eg blir stolt, ikkje av det eg sjølv har gjort i denne omgang. Men eg blir stolt over det dei har fått til med serien, seier Maria Parr.

I 7 episodar skal vi få følgje Trille og Lena i ein serie som handlar om kjensler og venskap. Det er ei historie med både humor og dramatikk, og mykje i serien manar til ettertanke.

– Det er veldig kjekt at dette kunne bli barne-tv-serie. Eg er stolt av dette, og eg tykkjer det er stor stas.

Video TV-serien Vaffelhjarte har premiere

TV-serien Vaffelhjarte hadde premiere fredag. Dei to unge skodespelarane Dagni Myrene og Simon Voldsund fortel at det ikkje var berre berre å vere skodespelarar.

I samband med premieren var dei som har arbeidd med serien samla til premierefest. Det var ei samling i Store Studio på Marienlyst. Skodespelarane Simon Voldsund og Dagni Myrene kunne fortelje at dei også skulle ete på restaurant.

– Det blir spennande med premierefesten. Men det blir også litt leit at vi ikkje skal få sjå alle NRK-folka igjen, fortalde Dagni Myrene like før premieren.

Video Unge skuespillere i "Vaffelhjarte"

Slik gjekk det føre seg då Vaffelhjarte blei spelt inn på Runde på Mørekysten.

Også Maria Parr gledde seg til festen som blei arrangert i samband med premieren.

– Der blir det nok ein heil bataljon. Det blir dei som har jobba med serien, alle skodespelarane, ungane, så dette blir kjekt.

Er det å skrive for barn du vil halde fram med?

– Ja, eg har vore konsekvent på det. Eg tenkjer at eg aldri skal seie aldri om noko. Men eg føler det er svært meiningsfullt å skrive for barn. Til no er det dette eg har likt aller best, seier Maria Parr.

Video Musikkvideo - Vaffelhjarte

Odd Nordstoga har laga musikken til serien. Han dukkar også opp som lege i serien.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL