Hopp til innhold

"Vaffelhjarte" frå Runde

TV-serien "Vaffelhjarte" skal spelast inn på fugleøya Runde i Herøy. Det opplyser produksjonsleiar for serien som skal gå i NRK, Margrethe Fjelltun.

Goksøyr på Runde
Foto: Odd Sørås / NRK

TV-serien på 7 episodar blir vist neste år, og er basert på boka "Vaffelhjarte" av Maria Parr frå Vanylven.

Produksjonsteamet har vore på synfaring på store deler av Sunnmøre og funne mange fine stader, seier Margrethe Fjelltun.

Margrethe Fjelltun

Margrethe Fjelltun meiner Runde har alt som trengs for produksjonen av Vaffelhjarte.

Foto: Privat

- Runde blei valgt ut fordi der er alt vi treng, seier ho. Vi kjem til å bruke heile øya i opptaka og mange blir engasjert i det som skjer.

- Vi har enno ikkje snakka med butikkansvarleg, kyrkja sine folk eller andre vi treng assistanse frå, men dette arbeidet tek til med det aller første.

- Uver ingen hindring

Første del av innspelinga tek til i februar og vil gå inn i mars. Vinterstormar, snø eller kulde som kan kome vinterstid fryktar teamet ikkje. Tvert imot.

- Vi vil ha mest mogleg ver, seier Fjelltun. Vi veit at der kan vere verhardt, men det er heilt fint for produksjonen. Vi vil ha heilt naturlege tilhøve under opptaka og vi vil ha folk kledde som dei brukar å vere når der er dårleg ver.

600 vil ha rolle i Barne-TVs «Vaffelhjarte» av Maria Parr

Stor interesse for Vaffelhjarte

Alle i produksjonen skal bu på Runde Miljøsenter når produksjonen kjem igang. Første del på vinterstid og andre del i juni neste år.

Spenninga stig

Audition Vaffelhjerte

Frå audition til Vaffelhjarte

Foto: Remi Sagen / NRK

Etter auditon på hovudrolleinnehavarar står det no att omlag 90 personar - rundt ein firedel av dei som sa seg interessert. Det er enno uviss kva tid den endelege uttakinga kjem, men arbeidet pågår for fullt.

- Elles treng vi mange statistar og vi kjem til å få bruk for svært mange av dei som bur på øya, seier Margrethe Fjelltun.

Audition i NRK Super

Parr til Barne-TV

Video VAFFELHJERTE

Frå auditon i Volda

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no