Hopp til innhold

Var motvillig til å lage oppfølgaren til Vaffelhjarte

Barnebokforfattaren Maria Parr får strålande kritikkar for den nye boka om dei to venane Trille og Lena frå suksessen Vaffelhjarte. Ho innrømmer at ho ikkje hadde tenkt å lage fleire bøker om dei to.

Portrett Maria Parr

Maria Parr hadde ingen plan om å lage oppfølgar av Vaffelhjarte, men forstod etterkvart at det var riktig å gjere.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Eg er generelt spent for tida, seier Maria Parr frå Vanylven. I dag deltek ho på Samlaget si haustlansering med den nye boka «Keeperen og havet». Dette er ein frittståande oppfølgar av debutboka Vaffelhjarte som kom for 12 år sidan. Debutboka vart ein stor suksess og er gitt ut i fleire land. Det vart også laga tv-serie og teater av Vaffelhjarte, som handlar om dei to bestevenane Trille og Lena. Parr har heile tida vore klar på at det kanskje ikkje vart fleire bøker om dei to venane.

– Det var verkeleg ikkje planen min i det heile tatt og eg har nokså motvillig gått inn i det igjen, seier Parr. Ho forstod etter kvart at det var riktig veg å ta, og har kosa seg med å skrive boka då ho først kom i gang.

Strålande kritikkar

Anne Cathrine Straume

NRK sin bokmelder er begeistra over den nye boka til Maria Parr.

Foto: Knut Reidar Andresen / NRK

Bokmeldarane gir «Keeperen og havet» strålande kritikkar. Allereie før utgivinga er boka selt til 10 land.

NRK sin kritikar, Anne Cathrine Straume, trur at boka kan bli ein klassikar.

– Det er ei bok som har alt som ei god bok skal ha. Den har tydelege personar som får nokre utfordringar å bryne seg på, den har humor og spaning, ein dæsj filosofi og grubling kring livets store utfordringar, seier Straume. I tillegg er språket morosamt og spenstig.

Ho trur boka treff både barna i målgruppa og foreldra midt i hjartet. Det at handlinga finn stad i det vesle bygdesamfunnet Knert-Mathilde, ein stad langs norskekysten, gjer boka tidlaus, trur Straume.

– Den tidlausheita er noko mange av dei nye barnebøkene manglar. Det finst her og derfor er det ein klassikar, seier Straume. Ho innrømmer at ho er overveldande begeistra for boka.

Maria Parr "Keeperen og havet"

Keeperen og havet er tittelen på den nye boka til Maria Parr.

Siste bok om venane

I 2009 fekk barnebokforfattaren det store gjennombrotet sitt med boka Tonje Glimmerdal, som fekk Brageprisen og ei rekkje andre prisar. Bøkene hennar har blitt oversett til fleire språk og forfattaren vart i starten overraska over at folk i andre delar av verda, var interesserte i historiene hennar frå eit lite lokalmiljø.

– Eg har vel kome til den erkjenninga at ein kan skrive gode bøker frå alle miljø, seier Parr.

Forfattaren har lært seg å ikkje vere så kategorisk i utsegnene sine, men tvilar på at det kjem fleire bøker om Trille og Lena. I «Keeperen og havet» har bestevenane blitt 7. klassingar. Parr har ikkje behov for å fylgje dei to gjennom ungdomstida og alt det medfører.

– Jøje meg, seier Parr og ler.