Hopp til innhold

–Måtte få sinne og sorg til å bli ekte

Dei har uttrykt glede, sinne og leie kjensler under opptaka til Vaffelhjarte på Runde i Herøy. No er dei spente på mottakinga, når serien Vaffelhjarte har premiere på NRK fredag klokka 18.10 på NRK Super.

Video TV-serien Vaffelhjarte har premiere

TV-serien Vaffelhjarte har premiere i dag. Dagni Myrene spelar Lena og Simon Voldsund spelar Trille.

Simon Voldsund er frå Herøy og Dagni Myrene frå nabokommunen Ulstein. Saman er dei hovudpersonane Trille og Lena i filmatiseringa av Maria Parr si bok Vaffelhjarte. Saman med profesjonelle skodespelarar og skodespelarar frå lokalmiljøet har dei skapt gull langs strendene på fugleøya og skatteøya Runde.

I dag var dei to i Oslo og var med på å legge siste arbeidet på lyden i dei første episodane.

– Der noko har blitt litt uklart, eller dersom det var mykje vind under opptaka, og der det er vanskeleg å høyre kva vi seier, der må vi gjere lydopptaka på nytt, seier Simon Voldsund.

Video Musikkvideo - Vaffelhjarte

Odd Nordstoga har skrive musikken til Vaffelhjarte. Han dukkar også opp i serien.

Serien Vaffelhjarte byggjer på Maria Parr si bok Vaffelhjarte. Her er Trille og Lena naboar, og etter kvart vert dei også bestevener. Dei bur i ei lita sunnmørsbygd på kysten. I serien er det fugleøya Runde som i hovudsak blir brukt som heimstaden til dei to.

I ei varm forteljing med humor og alvor møter vi dei to, og lokalmiljøet deira, i tema som krinsar kring kjensler, venskap, døden og kjærleiken.

Det var kanskje av og til vanskeleg med replikkane. Nokre av replikkane var litt lange. Og det var litt vanskeleg med dei som var ekstra lange, seier Dagni Myrene.

– Ja, og nokre ting skulle vi seie ganske fort. Og når det då vart veldig mykje, då har det lett for å rote seg litt til, seier Simon Voldsund.

Video Unge skuespillere i "Vaffelhjarte"

Uteopptaka er i stor grad gjorde på Runde på mørekysten. Her ser du reportasje frå opptaka.

No er dei to sunnmøringane blitt ganske husvarme i NRK-huset på Marienlyst i Oslo. Men eit tilvere som kjendisar ser dei ikkje i særleg grad fram til.

Det er no litt kjekt, men også litt flaut. Men eg har det fint no framfor premieren, seier Dagni Myrene.

– Kva er du mest spent på, Simon?

– Eg er mest spent på korleis dette blir. For eg har no aldri vore på noka premiere før. Og vi har ikkje sett episodane heilt ferdige før. Så dette gler eg meg til, seier Simon Voldsund.

– Ja, det er kjekt, flaut og litt rart. Dersom folk kjenner meg att på gata, det ser eg litt mørkt på. Det kan no bli litt ubehageleg om folk eg aldri har sett eller møtt plutseleg stoppar og vil snakke med meg, seier Simon Voldsund.

Men dei to nye TV-stjernene tykkjer at innspelinga har vore kjempeartig. Men alt har ikkje vore like lett.

– Eg skulle jo vere veldig lei meg og nokre gonger veldig, veldig sint. Det var litt vanskeleg å få til å sjå naturleg og ekte ut, seier Simon Voldsund.

– Og av og til var det vanskeleg å ikkje sjå i kamera, seier Dagni Myrene.

I kveld er det premierefest. Og det betyr at dei to sunnmøringane og alle dei andre i teamet er ferdige med arbeidet med sjølve serien. Det blir både kjekt og vemodig seier dei.

Det blir spennande med premierefesten. Men det blir også litt leit at vi ikkje skal få sjå alle NRK-folka igjen.

– Har de blitt gode vener?

– Ja, det har vi. Men vi kjem til å halde kontakta med dei, seier både Dagni og Simon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL