Hopp til innhold

– Det verste som har hendt sidan Dagmar

Fylkesmann Lodve Solholm seier dagens situasjon er den verste fylket har vore i sidan orkanen Dagmar i 2011.

Lodve Solholm

Lodve Solholm seier det er ei svært alvorleg hending som Møre og Romsdal stod overfor torsdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Deler av Nordmøre og Romsdal var utan mobiltelefondekning, medan store deler av Sunnmøre var utan mobiltelefon, fasttelefon og internett i fleire timer etter eit kort straumbrot natt til torsdag.

Fylkesmann Lodve Solholm har oversynet med beredskapen i Møre og Romsdal. Han seier dei lærte mykje etter orkanen, og i dag fekk dei nytte av erfaringane frå 2011.

– Raske på banen

– Vi har lært ein god del sidan Dagmar. Alle aktørane var kjappe på banen no. Hadde vi ikkje fått med oss erfaringane etter Dagmar og erfaringane vi hadde der, så hadde vi kanskje stått her no og kanskje ikkje hatt noko samband i det heile, seier Solholm.

Situasjonen med telenettet har vore annleis enn Dagmar då uvêret rasa og ein visste at mange var direkte råka. Denne gongen er det uvissa som har vore hovudproblemet.

– Vi får prise oss lukkeleg for at det ikkje har skjedd noko alvorleg – så langt som vi veit, seier Solholm og legg til at han har vore i dialog med dei råka kommunane og politidistrikta.

Lokale naudsentralar

I motsetnad til orkanen i 2011, då reserveløysingane ikkje fungerte i det heile, var desse no på plass etter ei stund torsdag føremiddag. Solholm peiker blant anna på at ein denne gongen kunne vidarekople naudsamtalar til sentralen i Sogn og Fjordane.

– Det viser verdien av å ein lokal naudsentral som det er lett å kople over til. Det er for meg eit bevis på at vi bør ha ein eigen sentral her i Møre og Romsdal.

– Ikkje bra nok

Trass i at det ikkje har blitt meldt om alvorlege hendingar til no, meiner han at ein ikkje kan vere like trygg til neste gong.

– Dette har ramma heile samfunnet. Naudtelefonane vart borte, helseføretaka og politiet hadde problem. Slikt gjer oss utruleg sårbare.

– Det vi lærte gjennom ekstremvêret Dagmar, har vi teke med oss inn i denne situasjonen. Men sjølvsagt, det er ikkje bra nok. At vi er utan naudnettet frå klokka 01 natt til torsdag og fram til 11–12. Det er for lenge. No gjeld å ta ny læredom, for dette kan skje igjen, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL