Hopp til innhold

Går dør til dør for å sjekke helsa til innbyggarane

Geiranger og Synnylven har no vore utan straum i over 48 timar og er heilt isolert sidan dei verken har telefon eller naudnett.

Skogsrydding

TREA TOK STRAUMEN: Eit omfattande oppryddingsarbeid har starta. Men ikkje alle har fått straumen tilbake, to dagar etter uvêret.

Foto: NRK

Les også:

2000 personar er utan straum i Synnylven, Volda og i Ørsta. I Stranda kommune bankar dei på dørene til folk for å kartleggje kven som treng hjelp.

Ordførar Jan Ove Tryggestad, seier dei har folk som går frå gard til gard for å danna seg eit bilde av situasjonen. Og slik at både helsa til folk og dyr vert teke hand om.

– Det er klart at når utan straum i over 40 timar så er det ei krevjande øving for alle råka. Og har du i tillegg ansvar for dyr, og store fjøs, så er problemet ekstra stort.

– Kjem straumen snart tilbake?

Jan Ove Tryggestad

UROA FOR FOLK OG FE: Ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad, har folk ute som sjekkar om alle har det bra etter uvêret og straummangelen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Me håpar at me skal kunne skaffe straum i løpet av kvelden. Problemet vårt er at me er utan kommunikasjon mellom bygdelaga. Stranda sentrum er det meste på plass, medan me i Geiranger og på Hellesylt er heilt utan nett, seier Tryggestad til NRK.

Tussa Nett, som er kraftleverandør i området, er ikkje sikre på om alle kundar får tilbake straumen i løpet av veka. Det er eit omfattande arbeid som står att og det vert jobba med å hente inn eksterne ressursar både til skogrydding og reparasjonsarbeid.

Les også:

Det er sett opp aggregat på omsorgssenteret på Hellesylt og Union Hotel i Geiranger. Tryggestad seier at dei som treng hjelp eller assistanse kan rette seg til Union Hotel Geiranger som fungerer som eit krisesenter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL