Astrid Tennfjord Alnes frå Godøy skule hadde fått det ærefulle oppdraget av å vere blomsterjente under opninga fredag. Sjølv om ho ikkje visste kvifor ho hadde blitt valt var det stort for 11-åringen å få møte dronninga.
– Eg var veldig nervøs så eg huskar ikkje heilt kva ho sa, men det var veldig gøy og ei stor ære å få møte dronninga, seier Astrid fornøgd etter å ha overlevert blomstrane til dronninga.
- Les også:
Dronninga var snill
Saman med fylkesmann Lodve Solholm, visepolitimeister Arnstein Nilssen og ordførar Harry Valderhaug var ho blant dei første som fekk møte dronning Sonja då ho kom til Alnes i dag.
Og sjølv om nervane var på høgspenn, blei dei roa då dronning Sonja gjekk ut av bilen.
– Dronninga verka veldig snill. Det kjendest ut som ho skjønte at eg var nervøs, så ho spurte blant anna korleis eg hadde det, seier Astrid.
– Var det stort?
– Det var veldig stort, seier Astrid og smiler.