Hopp til innhold

– Det blir ein tøff kamp

Molde FK spelar sin første kamp med Erling Moe som ny mellombels trenar borte mot Odd. – Eg reknar med det blir ein tøff kamp, seier Erling Moe.

Erling Moe

TØFF KAMP: Erling Moe reknar med det blir ein tøff kamp mot Odd.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Etter at Tor Ole Skullerud og Bård Wiggen måtte gå av som trenar og assistenttrenar denne veka, så har Erling Moe tatt over som ny mellombels trenar. Kampen mot Odd blir den første Molde FK spelar med den nye trenaren.

– Eg reknar med det blir ein tøff kamp, seier Erling Moe til MFK Studio.

– Det blir spanande, og me er ein gjeng her i klubben med gode folk, framleis. Me har ei herleg spelargruppe, så etter å ha brukt desse dagane og å ha fått fordøya hendingane, så skal me vera klare til å gå i krigen saman, seier han.

– Reiser med stor optimisme

Før kampen ligg Molde på sjuandeplass på tabellen med 25 poeng, og Odd ligg på sjetteplass med 28 poeng.

– Eg trur det blir ein artig kamp, som me skal vera med å sette vårt preg på. Me reiser dit med stor optimisme, og skal ta med oss eit resultat derifrå, seier Moe til MFK Studio.

Og statistikk har ingen verdi?

– Ikkje for meg, seier Moe.

– Ein siger hadde smakt godt

Mushaga Bakenga var skuffa etter tapet mot Dinamo Zagreb, men er motivert før kampen mot Odd.

Mushaga Bakenga

SKUFFA: Sjølv om Mushaga Bakenga var skuffa etter kampen mot Dinamo Zagreb, men ynskjer å vise kor sterkt laget er i kampane framover.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Me vel sjølv kor lenge ei slik skuffelse sit i. Sjølvsagt var dette ein veldig, veldig, stor skuffelse, men eg trur det som avgjer kor god spelar ein er, det er det mentale, seier han.

Han seier laget må vise kor sterke dei er, og at dei må bruke dette som motivasjon inn mot kampane dei neste vekene, og mot Odd.

– Eg føler eigentleg alle er veldig klare til å gå utpå her, og blø for drakta, gi alt ein har. Ein siger hadde smakt veldig godt, seier Mushaga Bakenga.

Få oversikt:

Laster innhold, vennligst vent..

Sjå tabellen:

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL