Utsett og utsett
Bøketreet har stått på Bastianmarka i Volda eit heilt hundreår, men no kan det vere slutt. Debatten om bevaring av landemerket har versert i lang tid, og avgjerda har vore utsett fleire gongar i håp om at administrasjonen skulle klare å finne andre løysingar.
Bøketreet i Volda er rekna som eit landemerke.
– Lite truleg at det kan bergast
I dag seier altså det faste planutvalet i Volda at nye bustader for psykiatriske pasientar skal byggast på staden. Kan ikkje det gjennomførast utan at bøketreet må fellast, så må treet vike.
Ordførar i Volda, Ragnhild Aarflot Kalland, vedgår trass i vedtaket om å prøve å bevare, at ho ikkje ser nokon veg utanom at treet må fellast. Det same seier andre politikarar NRK har snakka med.
– Slett saksbehandling
Leiaren for Treets venner i Volda, Gard Glomnes, har heller ikkje tru på at treet blir berga. Han meiner administrasjonen i Volda har vist liten vilje til å bevare bøketreet.
Glomnes fryktar at det han kallar slett saksbehandling fører til at treet no ryk.