Hopp til innhold

– Avstandane er problemet, ikkje strukturen

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet har lite sans for å samle alle kommunane på Nordmøre i ein storkommune. Dette er eit av alternativa Regionrådet på Nordmøre får utgreidd.

Jenny Klinge

Klinge meiner det er meiningslaust å samle alle kommunane på Nordmøre og dette alternativet ikkje er noko ho kan støtte.

Foto: Bernt Sønvisen

Tidleg i november legg Telemarksforsking fram sin sluttrapport om kommunestruktur på Nordmøre. Og eit av alternativa er ein storkommune med nesten alle av dagens kommunar på Nordmøre.

Klinge meiner det alternativet er meiningslaust og ikkje noko ho kan støtte.

– Det er ikkje kommunestrukturen som er problemet, men at vi har lange avstandar. Og dei kjem ikkje til å forsvinne sjølv om kommunane blir slått saman.

Avviser ikkje samanslåing

Sp-representanten vedgår at det enkelte stader kan vere aktuelt med kommunesamanslåing, men ein storkommune meiner Klinge er håplaust og meiningslaust.

Sjølv kjem ho frå Surnadal, og det er ein kommune ho meiner har styrke nok til å halde fram som eigen kommune.

Felles kommunestyremøte mellom Surnadal og Sunndal

Surnadal og Sunndal med felles kommunestyremøte. Men Klinge vil helst at heimkommunen held fram utan samanslåing.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er muleg å tenkje seg ei samanslåing mellom Surnadal og nokon av dei næraste nabokommunane, men eg vil helst at Surnadal skal halde fram som Surnadal.

Klinge har ikkje sansen for det ho kallar truslar frå regjeringa, om at kommunane kan få mindre pengar å rutte med som følge av at dei har sagt nei til samanslåing.

– Dei truslane gjeld berre i to år, for då er det stortingsval og det kan det kome ei ny regjering.