Hopp til innhold

– Alt kan syltast!

– Blodappelsinar, pasjonsfrukt, plommer – alt kan syltast. Og folk treng ikkje vere redde for litt frisylting. Samtidig er det no mykje kunnskap som står i fare for å gå i gløymeboka.

Gunda Djupvik ausar opp nylaga pasjonsfruktgele

Gunda Djupvik auser opp nylaga pasjonsfruktgele

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Det seier matbloggar og forfattar Gunda Djupvik frå Leikong i Herøy på Sunnmøre. Vi møter ho heime på kjøkkenet sitt i Oslo. Ho er godt i gang med å lage ei nyvinning: pasjonsfruktgele.

– Dette har eg aldri laga før, så det blir nok veldig godt. Eg elskar frisylting, seier ho i typisk Pippi-stil.

Djupvik er ein av mange som starta eigen matblogg i 2009. I følgje ho er ikkje matblogging like i vinden no som det var for nokre år sidan. Gunda er ein av dei som har fortsett å blogge. Ho har mykje på hjartet. Målet henna er å lære folk litt grunnleggande ting om matlaging. Ho meiner at mykje kunnskap held på å gå i gløymeboka.

– Kvinnefrigjeringa som kom i vår mødregenerasjon har ikkje berre ført gode ting med seg. Mange synest det var veldig kjekt når det kom ferdigrettar som for eksempel grandiosa i butikkane. Eg kjøper det ikkje, seier ho oppgitt.

Lærer vaksne folk å sylte på sommarleir

Ho held kurs i sylting og safting og anna matlaging både her og der og til sommaren skal ho lære vaksne folk å sylte på ein sommarleir for vaksne folk. Det skjer i Øksendal i Sunndal i slutten av juli.

– Det blir veldig kjekt. Der kan ein lære alt mogleg rart. Eller så kan ein berre henge rundt og slappe av. I fjor var mannen min med på vedkløyvingskurs medan eg heldt parfymekurs og syltekurs.

Gunda Djupvik på kjøkkenet

Gunda Djupvik har eit velutstyrt kjøkken med lett tilgjengeleg utstyr.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Frisyltaren

Tilbake til dagens prosjekt. Gunda lagar pasjonsfruktgele. Noko ho aldri har laga før. Men i løpet av intervjuet har ho laga og fylt ein gele som liknar litt på froskeegg over på seks små sylteglas.

–Dette er rett og slett godteri. Eg trur det kan passe på vaflar eller bollar. Eller kanskje på scones med krem til! Åh det har eg trua på, seier ho med smittande entusiasme.

Pasjonsfruktgele

Slik ser pasjonsfruktgele ut.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Ho slår eit slag for å kose seg på kjøkkenet og lage spanande matrettar. Og om du vil prøve dagens nyvinning kan du finne oppskrifta her.