Hopp til innhold

– Ein stor dag for meg og Raumabanen

ROMSDALEN (NRK): Han er ein av Noregs fremste togentusiastar. Og når det gjeld Raumabanen er han nummer éin. Det er ein verkeleg stor dag for Leif Johnny Olestad når Raumabanen skal på nasjonalt fjernsyn

Leif Johnny Olestad

Leif Johnny Olestad var nesten frå seg av glede då Sommartoget passerte han ved Trollveggen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Leif Johnny Olestad har eit heilt spesielt forhold til Raumabanen. Sidan 1985 har han følgt all aktivitet ved og på skinnene svært tett. Han har detaljkunnskap om nesten kvar einaste vogn som har gått opp eller ned Romsdalen.

– Leitt med skodda

Olestad har teke plass i buskene mellom Europavegen og Trollveggen. Her ligg skinnene på Raumabanen. Og i passeleg tempo kjem toget rullande litt lenger bort i dalen. Då kriblar det verkeleg hos togentusiasten.

– Dette er ein svært, svært stor dag. No passerte toget akkuratTrollveggen. Det var dessverre regn og skodde, men eg fekk teke bilete likevel, seier Leif Johnny Olestad fornøgd.

Leif Johnny Olestad er levande oppteken av at Raumabanen skal ha ei framtid. For det er slett ikkje sjølvsagt at denne togstrekninga skal ha. Konkurransen ved trafikken på vegen er hard. Det er godstrafikken som dannar det økonomiske fundamentet for denne banestrekninga. Men også her har det vore turbulente tider dei siste åra.

Sommertoget

Her kjem Sommartoget ned Romsdalen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Kanskje eg får sjå meg sjølv

Men persontrafikken betyr også mykje, både for fastbuande og for dei som skal reise vidare med Dovrebanen. Og turisttrafikken på strekninga er slett ikkje ubetydeleg. No vonar Olestad at NRK skal gje Raumabanen eit nytt løft.

– Det er flott at Raumabanen kjem på NRK. Dette blir jo både på Minutt for Minutt-sendinga og på Sommeråpent i kveld. Eg gler meg til klokka 15.00. Kanskje får eg sjå meg sjølv også.

– Folkeliv

Det har vore ein travel dag for Olestad. Tidleg på formiddagen reiste han rett over fylkesgrensa og til Bjorli i Oppland.

– Eg møtte Sommartoget på Bjorli. Der var det folkeliv. Så drog eg ned til Stuguflåten og rakk ned til Trollveggen også før toget kom. Naturen her er heilt spesiell. Tenk også på Kyllingbrua, vendetunnelen og absolutt alt som vi har her ved Raumabanen i Romsdalen, seier han i det toget akkurat har passert.

– Dette skal bli god reklame for Raumabanen og Romsdalen. Kanskje bortsett frå vêret, seier Leif Johnny Olestad.

Sommertoget på Åndalsnes

Her er Sommartoget framme på Åndalsnes.

Foto: Terje Reite / NRK

Detaljkunnskap

Leif Johnny Olestad slår også til med detaljkunnskap om Sommertoget. Han kan fortelje at lokomotivet som dreg toget på dieselstrekninga Raumabanen er eit lokomotiv som har gått fast på Nordlandsbanen.

– Det er den som har nummer 654, altså lokomotivet som har fått påmontert kamera i fronten. Når det gjeld dei andre vognene ser det ut som om dei har gått både på Dovrebanen og andre baner, slår Olestad fast.

Åndalsnes

På Åndalsnes er det alt frå formiddagen eit yrande folkeliv. Norsk Fjellfestival er i gang, og det er mange arrangement i byen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL