NRK Meny
Normal

No kjem Sommartoget til Møre og Romsdal

Sommartoget er klar for ei av dei vakraste togstrekninga på heile ruta. Laurdag kjem Sommartoget ned Raumabanen i Romsdalen, som saman med Flåmsbana og Ofotbanen er den mest spektakulære strekninga på heile jernbanenettet i Noreg.

Kvinne med hvit skjorte og armer i kors og mann med blå jakke og skjegg, begge smilende

Jenny Skavland og Hans Olav Brenner er programleiarar når Sommeråpent har sending frå Åndalsnes.

Foto: Julia Marie Naglestad

Fredag kveld var det Dombås som var stoppestad for Sommartoget. Dermed blir det laurdagsparade ned Romsdalen og med Sommeråpent frå Åndalsnes i kveld.

– Vi gler oss verkeleg til Romsdalen og Raumabanen. Dette er ei utruleg vakker togstrekning med høg turistfaktor. Det er ein trong, fin dal med eit vakkert skue, seier prosjektleiar for Sommartoget, Thomas Hellum.

Her kan du sjå Sommartoget minutt for minutt frå Dombås til Åndalsnes frå laurdag klokka 14.58:

I åtte uker reiser NRK gjennom Norge med Sommertoget. Her er dagens ferd - sville for sville. Programleder Henriette Louise Krogness

Raumabanen er ei av strekningane der toget køyrer to gonger. Toget må først ned dalen på laurdag. Og så går ferda opp att tysdag.

Sommertoget 8. juli: Dombås - Åndalsnes

Stasjon

Ankomst

Avgang

Dombås

11:05

Bjorli

11:50

12:00

Kylling bru

12:19

Passering

Marstein

12:40

Passering

Åndalsnes

13:08

Sommertoget 11. juli: Åndalsnes-Vinstra

Stasjon

Ankomst

Avgang

Åndalsnes

10:50

Verma

11:23

Passering

Lesja

12:10

12:20

Dovre

12:47

12:57

Otta

13:25

13:35

Kvam

13:55

14:05

Vinstra

14:20

– Mykje spennande i Romsdalen

Med to turar gjennom Romsdalen får dermed folket i området rikeleg høve til å vise fram bygdene sine. Og med naturen, med høge fjell og flotte fossefall, skal dette bli vakkert fjernsyn.

– Vi har med oss helikopter også. Så det blir flotte bilete både frå toget og frå lufta. Og her er mykje spennande å gripe fatt i, både Kylling bru, Vendetunnelen, det skredfarlege fjellpartiet Mannen, Trollveggen, Romsdalshorn og sjølve Åndalsnes. Og dette er eit av områda der vi også får kontakt med havet, seier Hellum.

Kylling bru i Verma

Sommartoget skal for eksempel passere Kylling bru på veg til og frå Åndalsnes.

Foto: Olav S. Hustad

– Fantastisk reise

Når Sommartoget kjem til Åndalsnes har det lagt bak seg ei reise heilt frå Bodø i nord, gjennom Trøndelag og så vidt innom Dombås i Oppland.

– Det er ei fantastisk reise. Og vi stoppar ved nokre av dei små stasjonane under vegs. Folk er glade i stasjonen sin og staden dei bur på. Det verkar som folk har det kjekt, og at Sommartog-besøket blir eit høve som folk nyttar til å møtast, seier Hellum.

Her kan du sjå Sommartoget minutt for minutt, på strekninga Åndalsnes – Vinstra frå tysdag klokka 15.00:

I åtte uker reiser NRK gjennom Norge med Sommertoget. Her er dagens ferd - sville for sville. Programleder Tom Erik Sørensen

– Folk vil vise fram heimstaden sin

Langs heile ruta har folk møtt fram og viser til heile Noreg kva dei sjølve og bygda står for.

– Folk har lyst til å vise fram staden dei held til på til kvardags. Dette er spennande, for frå vår side blir dette forholdsvis uplanlagt. Her er det folket sjølve som styrer. Dersom det var vi som gjorde planlegginga hadde det nok blitt sendingar som var prega av klisjear. No får vi vist fram store variasjonar og ein utruleg rikdom i store deler av Noreg, seier Hellum.

Sommertoget

Det blir stor og fin stemning når mange kjem til Sommartoget. Nokre forhold må likevel folk tenkje på når ein er i nærleiken av ein skinnegang. Og Sommartog- gjengen minner om at det er 15 000 volt i høgspentleidningane over toget. Dei bed dermed om at folk ikkje tek med seg ballongar og liknande på stasjonane.

Foto: Gøril Grov Sørdal

Sommeråpent frå Åndalsnes

Fleire NRK-program er med på Sommartoget. Reiseradioen sender på NRK P1 om formiddagen og på TV går Sommeråpent om kvelden.

I Sommeråpent får vi besøk av blant andre Dina Misund, vi får besøk av både NRK-sjef og NSB-sjef. Litt lenger nord i fylket, på Tingvoll, blir verdas beste ost produsert og vi skal kåre «Årets fjellgeit» under Sommeråpent-sendinga, avslører Thomas Hellum.

Her kan du sjå Sommeråpent frå laurdag klokka 21.25:

Sommeråpent inviterer til feriehygge med gode historier, spennende gjester og fin musikk. Programledere denne uken er Hans Olav Brenner og Jenny Skavlan.

Folkefest

Åndalsnes inviterer til folkefest når Sommartoget besøkjer byen. Norsk Fjellfestival opnar og det er mykje aktivitetar på Åndalsnes gjennom heile dagen.

Åndalsnes laurdag

Klokkelsett

Aktivitet

09.00

Opningstur Fjellfestivalen: Fottur til Mannen

11.30

Barneshow på Rådhusplassen. Aktivitetar på plassen ved Tindesenteret.

13.08

Sommartoget kjem til Åndalsnes stasjon. Direktesendinga held fram i 10-15 minutt.

13.40

Fantorangen og Perla frå NRK Super helsar på barna på stasjonen. Innslag frå NRK Supers Labyrint.

14.30

Danseoppvisning på Rådhusplassen

15.00

Barnefilm: Karsten og Petra. Storskjerm på Rådhusplassen

16:00

Opning fotoutstilling, Andreas Winter. Gamle Esso

19.30

Konsert ved Tindesenteret. Åndalsnes storband m/Knut Marius Djupvik

20.45

Quiz på perrongen

21.30

Sommeråpent med Jenny Skavlan og Hans Olav Brenner

22.30

Konsert: Ogras. Ved Tindesenteret

23.30

Bryggedans. Myllargutens Gammaldansorkester. Ved Tindesenteret

Arrangørane Norsk Fjellfestival og Rauma kommune tek atterhald om endringar.