Hopp til innhold

85-åring blei redda av varmesøkjande drone – no får alle politidistrikt dronar

Kvinna var sakna i timevis, før ho blei oppdaga frå lufta. – Det berga livet hennar, seier varabrannsjef Sindre Egeness.

Politibetjent i Møre og Romsdal politidistrikt, Stian Henningsen, har utdanna seg til dronepilot

Dronar har blitt eit viktig verktøy både for politi og brannvesen. Natt til måndag vart ei sakna kvinne funnen av ein varmesøkjande drone

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Då den eldre kvinna ikkje kom heim frå sin daglege spasertur i Tennfjord i Ålesund søndag, blei familien bekymra. Først køyrde dei og leita etter henne langs vegen, men timane gjekk og ho dukka ikkje opp. Dermed kontakta dei naudetatane.

– Vi frykta det verste, men kryssa fingrane for at det skulle ende bra, seier sonen Kjetil Otterlei.

Kenneth Brattli Molund i Ålesund brannvesen er droneoperatør.

Kenneth Brattli Molund i Ålesund brannvesen deltok i leiteaksjonen etter kvinna. Her viser han korleis han styrer dronen.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

– Berga eit liv

Politi, Røde Kors, hundeekvipasje, frivillige og helikopter søkte gjennom natta. For familien var det nervepirrande å ikkje vite kva som hadde skjedd med den turglade 85-åringen, som slit med hukommelsen.

Hjelpa kom ovanifrå, i form av ein varmesøkjande drone.

I 04-tida på natta blei kvinna funnen, fortumla og nedkjølt i mørket.

– I denne situasjonen meiner vi at dronen berga eit liv, seier Sindre Egeness, varabrannsjef i Ålesund brannvesen.

Sparar ressursar

Sindre Egeness er varabrannsjef i Ålesund brannvesen

Sindre Egeness i Ålesund brannvesen meiner at dronen berga livet til kvinna.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Både politiet og brannvesenet brukte dronar i søket søndag. Denne teknologien har blitt stadig viktigare i redningsarbeid.

I år får alle politidistrikt i landet dronar.

I første omgang får alle politidistrikt moglegheit til å utdanne inntil seks dronepilotar, og vi reknar med at det ved utgangen av året vil vere i overkant av 100 dronepilotar i politiet, seier politiinspektør Per Øyvind Haugen i Politidirektoratet.

Politibetjent i Møre og Romsdal politidistrikt, Stian Henningsen, har utdanna seg til dronepilot og seier at gevinsten ved å bruke drone er stor.

– Det viser seg å ha stor effekt. Vi sparer ressursar, det er økonomisk og beredskapen aukar betrakteleg, seier Henningsen.

Får betre overblikk

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

Foto: Pressefoto

Avdelingsdirektør i DSB, Johan Marius Ly, seier at dronar er eit nyttig verktøy for naudetatane, både for å søke etter sakna, men også i til dømes skogbrannar.

– Dronar kan bidra til å styrke beredskapen. Først og fremst blir det brukt for å skaffe seg eit godt oversiktsbilete av eit større område frå lufta på rask tid, seier Ly.

Les også Spesialdesignet gripearm skal redde personer som drukner

Undervannsdrone med gripearm.

Sukk gjennom rommet

I Tennfjord kunne familien til 85-åringen puste letta ut då dei fekk beskjeden om at ho var funnen i god behald, ikkje langt unna der ho sist blei sett på ettermiddagen

– Eg høyrde eit stort sukk gjennom heile rommet, seier Kjetil Otterlei.

Mora blei innlagt på sjukehus til observasjon, men kjem heim snart. Sonen er svært takksam for alle som deltok i leiteaksjonen og spesielt er han glad for at dronen var så effektiv.

– Alt slikt utstyr som kan redde liv i leiteaksjonar er berre topp, seier Otterlei.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL