Hopp til innhold

8000 signaturer for barneavdeling

Foreldre har samla inn over 8000 underskrifter for ny barneavdeling i Ålesund. I dag vart dei overrekt til helsedepartementet.

Helsedepartementet fekk overrekt over 8000 underskrifter
Foto: Sissel Kvalvik / NRK

Jorun Fugløy Sundklakk

Jorun Fugløy Sundklakk.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Det lille bidraget vi kan gi var å starte denne underskritskampanja for å påvikrke politkararne, seier Jorun Fugløy Sundklakk.

Fagre løfter

Saman med ektemannen John Kristian Sundklakk starta ho underskriftskampanja for eit par veker sidan. Motivasjonen kom frå det dei sjølve har gått gjennom etter at dottera deira vart kreftsjuk for eit og eit halvt år sidan.

-Det har vore svært slitsomt med mykje reising og eit uroleg liv for heile familien, fortel Jorun Sundklakk.

Ny barnehavdeling i Ålesund blei lova under valkampen, men fagre løfter vart til sviande skuffelsar. Frustrasjonen over at sjuke born og foreldra deira skal bruke den trange avdelinga på Ålesund sjukehus fekk Sundklakk til å starte underskriftskampanja for eit par veker sidan.

I dag kunne dei levere over 8000 underskrifter til helsedepartementet.

John Kristian Sundklakk

John Kristian Sundklakk

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Behov

- Dette gjer vi ikkje for vår del, men vi ser behovet og veit at desverre kjem det familiar etter oss i same situasjon, seier John Kristian Sundklakk.

- Vi ønsker at dei skal få eit betre tilbod en det vi har fått.

Dei har framleis mykje behandling framfor seg, men er forhåpentlegvis frisk før ei ny barneavdeling står klar. No håper familien hennar at politikarane forstår alvoret.

- Når statsministeren står og seier at det skal bli barneavdeling når økonomien kjem på plass bør han halde det han lover. Noko anna er respektlaust for befolkinga her, seier Jorun Sundklakk.

Stort engasjement

Stortingsrepresentant for høgre Elisabeth Nørve overleverte underskriftslista til helsedepartmenet tirsdag.

- Barneavdelinga er ei veldig viktig avdeling for sjukehuset i Ålesund og for innbyggarane. Når vi ser sjuke born og foreldre som blir transportert fram og tilbake ser vi virkelig behovet for ei ny avdeling, seier ho.

Statssekretær i helsedepartementet, Arvid Libak, tok i mot underskriftene.

- Det viser eit godt engasjement, meiner Libak.

- Nokon seier regjeringa har brote løfta sine?

- Statsministeren lovde at når det vart kontroll med økonomien kunne planlegginga starte. Vi har gidd meir pengar til helse Midt Norge og styret har vedteke at planlegginga kan halde fram, så dette er ikkje eit løftebrot, seier Libak.

Påvirkningskraft

Styerleiar i Helse Sunnmøre, Marthe Styve Holte, trur slike underskriftskampanjer kan påvirke politikarane.

- Så lenge helse Sunnmøre klarer å styre innan dei rammene vi har fått har vi oppfylt vår forpliktelse og då forventer vi at muligheitene for barneavdelinga kjem.

For å sikre at midlane blir brukt til det dei skal vil styret ha ein tett dialog med helse Midt Norge.

- Vi vil også passe på at vi lager rom i vår drift slik at vi kan ta dei investeringskostnadene som barneavdelinga vil representere, seier Styve Holte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL