Hopp til innhold

Ann Marit vann eldsjelpris for friluftsarbeidet

Ann Marit Rakstang Vikan frå Tingvoll fekk i dag «Friluftslivets ildsjelpris» for arbeidet sitt i 4H.

Ann Marit Rakstang Vikan fekk friluftslivet eldsjelpris

Det var ei rørt Ann Marit Rakstang Vikan som tok i mot prisen frå jurymedlem Jan Bøhler i dag.

Foto: Jorun Vang / NRK

I dag vart prisen delt ut for fjerde gang, til ei eldsjel som brukar tida si på å legge til rette for at andre skal få oppleve meir friluftsliv. Det er Norsk friluft som står bak utdelinga.

– Eg får frysningar på ryggen. Det er ufatteleg og så artig, seier ei glad Ann Marit Rakstang Vikan. Ho deler prisen med heile 4H-organisasjonen.

4H er ein barne- og ungdomsorganisasjon, som har fokus på natur og menneske. Vikan har vore aktiv i 4H i 21 år, både i nærmiljøet i Tingvoll, men også på fylkesbasis. Ho var ein av tre nominerte til prisen.

Skal bruke pengane fornuftig

Vikan er stolt over å få prisen, med ein pengesum på 50.000 kroner til friluftsføremål.

– Det skal brukast fornuftig. Vi må diskutere det i Grimstadhøgda 4H, seier Vikan.

Grimstadhøgda 4H har bygd opp eit friluftsområde på Årsund i Tingvoll, med blant anna gamme, grillhytte, snikkarbod og naust. Ho kan love at pengane skal gå til noko som varer, som alle brukarane av området får nyte godt av.

Betyr mykje i heile landet

Stortingsrepresentant Jan Bøhler (Ap) er medlem i juryen, og seier at grunnen til at 4H fekk prisen, er at organisasjonen betyr mykje over heile landet.

– Vi har vald ein person som er bilete på anerkjenninga av heile 4H-bevegelsen. På Tingvoll har dei laga ein heil møteplass med mange aktivitetar for barn og unge, seier Bøhler. Han synest den store innsatsen til Ann Marit Rakstang Vikan er verdt ein pris.