Hopp til innhold

Staten braut lova då dei gav kommunane meir makt i natursaker

Sivilombodet kritiserer staten for ulovleg maktoverføring til kommunane i natursaker.

Collage med byggefelt

NATURTAP: Ved hjelp av kunstig intelligens har NRK kartlagt alle inngrep i norsk natur mellom 2017 og 2022.

Foto: Norge i bilder / Kartverket

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Regjeringa har «freda» kommunane si makt i natursaker, og i januar fekk kommunane i Vestland meir makt då Statsforvaltaren «løyste grepet» og forenkla arbeidet med dispensasjonssaker.

No har Sivilombodet vurdert praksisen, og konkludert med at han ikkje er lovleg.

Vi har forståing for Statsforvaltarens behov for prioriteringar. Men praksisen må vere innanfor rammene av lova, seier sivilombod Hanne Harlem til NRK.

Statsforvaltaren har fått frist til 22. april til å svare på skuldingane. Sjå tilsvar lengre ned.

Den nye og mindre formalistiske praksisen langs kysten har vore omstridd, og konklusjonen til Sivilombodet vekker oppsikt langt utanfor landsdelen.

Bakgrunnen er februar-rapporten til Naturrisikoutvalget, som anbefaler at staten involverer seg meir og gir «tydelegare føringar» til kommunane i areal- og plansaker.

Navarsete

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete grunngav forenklinga med tre forhold: Tillitsreforma, redusert tidsbruk og frigjering av ressursar. Som statleg myndigheit har Statsforvaltaren ansvar for å vareta nasjonale naturinteresser.

Foto: NTB

Må sørge for at forvaltninga etterlever norsk lov

Det er knallbra at Sivilombodet slår ned på dette, og ganske hårreisande at statsforvaltarar foreslår å gjere det enklare for kommunane å vedta dispensasjonar, seier Truls Gulowsen, som er leiar i Naturvernforbundet.

Sivilombodet har gjentatt gonger kritisert kommunane for å vere for liberale med å dele ut dispensasjonar.

Døme er bygging i strandsona og andre saker der naturomsyn kjem i konflikt med lokale ønske om utbygging, næring og inntekter.

Morten Wedege i Naturviterne seier alle taper om naturtapet fortset.

– Det er for lite folk og ressursar hos statsforvaltarane. Men løysinga kan ikkje vere å slutte å gjere lovpålagde oppgåver, seier han.

President i Juristforbundet, Sverre Bromander, seier det er «urovekkande om Statsforvaltaren ikkje har ressursar til å sørge for at kommunane etterlever norsk lov».

– Denne saka viser kor viktig Sivilombodet er.

Sjå fleire reaksjonar under.

Une Bastholm
Ksenia Novikova

Une Bastholm, MDG

– Når eg høyrer om denne typen praksis hos statsforvaltarane, blir eg bekymra for at norsk naturpolitikk er i ferd med å rakne. Statsforvaltarane har ansvar for grunnleggande nasjonale interesser og må hindre at summen av mange lokale enkeltavgjerder får alvorlege konsekvensar. Nå må regjeringa gi statsforvaltarane den myndigheita og dei ressursane dei treng for å gjere jobben sin.

Mann som ser bort
Terje Bendiksby NTB / NTB

Ola Elvestuen, Venstre

– Det er heilt uakseptabelt at pengebruk og effektivisering blir brukt som argument for å forenkle arbeidet med dispensasjonssaker i kommunane. Derfor er det bra at Sivilombodet har konkludert med at Statsforvaltaren i Vestlands varsla praksisomlegging ikkje er i tråd med lova.

 Marthe Hammer
SV

Marthe Hammer, SV

– Det dokumenterte naturtapet bør følgast opp med sterkare statlege retningslinjer og styrking av statsforvaltaren si rolle. I staden er det altså det motsette som skjer, at statsforvaltaren eksplisitt seier ifrå seg den viktige rolla si som høyringspart i dispensasjonssøknadar. Det er heilt vanvitig!

Kvinne med mørkt hår og blå boblejakke i fjæra
WWF Verdens naturfond

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet

– Statsforvaltarane burde gi fleire innvendingar, ikkje færre. Riksrevisjonen konkluderte allereie i 2019 at innstramminga til regjeringa av innvendingspraksisen var dårleg nytt for naturen. Vi mistar stadig meir natur som følge av bit for bit-nedbyggingar i kommunane. Det vi treng nå er fleire tiltak for å ta betre vare på naturen.

Truls Gulowsen
Fartein Rudjord

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

– Eit av grunnproblema i norsk arealforvaltning og bit-for-bit-nedbygging er at det blir innvilga altfor mange dispensasjonar, som gjer at ideen i kommuneplanane om overordna arealplanlegging ikkje fungerer etter hensikta. Da trengst det meir kontroll og høgare terskel for dispensasjonar, ikkje mindre.

Sverre Bromander en mann i 40 årene står i mørk blå dress foran en steintrapp i brunrosa stein. Han har på kvit skjorte med den øvste knappen open. Han ser inn i kameraet med et nøytralt uttrykk.
Foto Sturlason

Sverre Bromander, president i Juristforbundet

– Her ser det ut som at Statsforvaltaren undergrev si eiga verksemd og forpliktingane sine til å sørge for at Stortingets lover blir følgde. Eg håpar ikkje dette betyr at Statsforvaltarens politiske eller personlege syn har gått føre norsk lov. Uansett må staten sørge for at Statsforvaltaren har nok ressursar til å utføre denne oppgåva.

Morten Wedege

Morten Wedege, leiar i Naturviterne

– Vi står midt i ei natur- og klimakrise. Korleis skal vi løyse dette utan ei styrking av Statsforvaltarane, som trass alt har ansvaret for å kontrollere og rettleie kommunane i arealbruk? Det trengst tydelegare statlege føringar. Regjeringa må gi Statsforvaltarane ryggdekning til å stramme inn arealbruken for å vareta nasjonale omsyn som jordvern og naturmangfald.

Asbjørn Torvanger
Cicero

Asbjørn Torvanger, Cicero

– Systemet vi har i dag betyr ei stor arbeidsmengd for statsforvaltaren og kan sikkert effektiviserast, men så lenge kommunane har andre prioriteringar enn staten og tydelege føringar frå staten er nødvendig er det naivt å leggje stor vekt på ein slik «tillitsreform».

Gunn Marit Helgesen styreleder i KS
Junge Heiko / NTB scanpix

Gunn Marit Helgesen, KS

– Vi støttar fullt ut statsforvaltaren sitt ønske om å forenkle prosessen knytt til dispensasjonssaker, og det er forståeleg at dei ønsker å nytte dei knappe personellressursane sine mest mogleg effektivt. Vi er urolege for at «tydelege føringar» for arealforvaltninga frå staten gjennom lov og forskrift i praksis vil bety «meir detaljerte føringar».

Betre ressursbruk å vri innsatsen over på planlegging

Kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal svarer på vegner av Statsforvaltaren i Vestland. Han seier til NRK at dei tar uttalen frå Sivilombodet til etterretning, men at slaget ikkje er tapt.

Han legg til at den nye praksisen har frigjort ressursar og gjort Statsforvaltaren til ein betre «sparringpartnar» for kommunane, i tråd med dei politiske signala som er gitt.

Det er mykje betre ressursbruk både for oss og kommunane når vi vrir innsatsen over på god planlegging i staden for brevveksling i 2000 enkeltsaker, seier han.

Sjå utvida svar under.

Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, seier til NRK at dei «fullt ut» støttar den nye praksisen.

– Vi ser derfor fram til å lese Statsforvaltarens eiga vurdering av Sivilombodets kritikk.

Ho legg til:

– Det er avgjerande at myndigheit til å utvikle lokalsamfunnet ikkje blir flytta bort frå folkevalde lokale organ til meir distanserte statlege forvaltningsorgan.

Det var i januar at Statsforvaltaren i Vestland gav beskjed til kommunane om at dei ikkje lenger trong å sende dispensasjonssaker på høyring før dei gjorde vedtak.

– Dette viser at vi har tillit til kommunane, forklarte statsforvaltar Liv Signe Navarsete.

Kunngjeringa til Navarsete gjorde at alarmen gjekk hos Sivilombodet kort tid etter.

– Det var lett å sjå at dette kunne koma i konflikt med lova, uttalte sivilombodet Hanne Harlem til Sogn Avis 4. februar.

Fleire brev seinare, som toppa seg med at statsforvaltaren bad Harlem om å sjekke sin eigen habilitet, konkluderte Sivilombodet:

Den nye praksisen er ikkje i tråd med lova.

Hanne Harlem

– Vi har forståing for at Statsforvaltaren må prioritere. Men praksisen må vere innanfor rammene av lova, seier sivilombod Hanne Harlem til NRK. Ei tidlegare undersøking Sivilombodet gjennomførte i Agder, viste at over 90 prosent av dei kommunale dispensasjonsvedtaka var ulovlege.

Foto: Heiko Junge / NTB

Det norske lokaldemokratiet har solide tradisjonar, og statleg overstyring sit langt inne, symbolisert ved Hurdalsplattforma som seier at talet på innvendingar frå staten skal ned.

I same ånd sende Solberg-regjeringa to rundskriv der dei bad statsforvaltarane om å vektleggje lokaldemokratiet sterkare.

Tapt natur mens du har lest denne saken:
0m2

Les også Regjeringa skjermar lokalstyret – trass naturtap

Myrkdalen, Vestland