Hopp til innhold

30 millionar til havnæringane

Regjeringa øyremerker 30 millionar kroner til utvikling for havnæringane.

Erna Solberg på NMK i Ålesund

Statsminister Erna Solberg er på valkampturné på Vestlandet og stoppa søndag i Ålesund for å sleppe nyheita om løyvingar til havnæringane.

Foto: Trond Lydersen / NRK

Statsminister Erna Solberg (H) slapp budsjettlekkasjen då ho søndag besøkte Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund søndag, som ein del av valkampturneen på Vestlandet.

– Regjeringa har ein ambisjon om at vi skal vere verdas fremste havnasjon, sa statsministeren frå talarstolen.

– Lettare å ta i bruk nye løysingar

Tidlegare har det vore oppretta eit test- og demonstrasjonsprogram for maritim og marin næring, noko som ifølgje Solberg sjølv har vore ein stor suksess. No øyremerker regjeringa 30 millionar kroner til ei tilsvarande satsing på demonstrasjon og pilotering i havnæringane.

Erna Solberg og Kaj B. Westre

Statsminister Erna Solberg saman med dagleg leiar av Norsk Maritimt Kompetansesenter, Kaj B. Westre, då ho besøkte Ålesund søndag.

Foto: Trond Lydersen / NRK

– Kvar dag går hundretusenvis av nordmenn til ein arbeidsplass i dei havbaserte næringane. Desse næringane står til saman for ca. 70 prosent av våre eksportinntekter. Det er altså ingen tvil om at Noreg lever av havet, sa Solberg.

Målet med pilotprosjektet "Demo Hav" er at det skal bli lettare for den første brukaren å ta i bruk nye løysingar, noko som spesielt vil gjelde for små og mellomstore bedrifter.

– Den første brukaren, den som tør å vere den innovative, får ein ekstra støtte for å ta i bruk nye løysingar, forklarte Erna Solberg frå talarstolen.

Forsking og innovasjon

Dette kan gjelde produksjonsplattformer om bord på fiskefartøy og demonstrasjonar for installasjon og service av havvindinstallasjonar. Eller robotisering, automatisert design og standardisering og utvikling av autonome skip.

Harald Tom Nesvik

Harald T. Nesvik, parlamentarisk leiar for Frp, meiner prosjektet dreier seg om å løyse framtidas problem.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi har gode føresetnader for å lykkast framover, og for å gripe dei moglegheitene som havet har. Skal vi utvikle oss vidare må vi satse på forsking og innovasjon.

Til stades på NMK i Ålesund var også parlamentarisk leiar i Frp, Harald T. Nesvik, som også peika på at det er alltid mest skepsis hjå dei som skal ta i bruk den første modellen av noko.

– Dette prosjektet dreier seg om å ta Noreg vidare inn i framtida. Løysingane ligg i havet og no tilfører regjeringa verktøykassa til dei som jobbar i havnæringane eitt nytt verktøy.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL