Inspirert av Ivar Aasen
Vinnarane blei offentleggjorde i dag, og Martin vann i kategorien for 1. til 4. klasse.
Teikneserien var inspirert av diktet Mellom bakkar og berg av Ivar Aasen.
Martin Raknes Klauset går i tredje klasse på Raknes skule. Han og dei andre i klassa og i fjerdeklassa på skulen sende inn ein teikneserie etter at rektor Jan Otto Hånes hadde oppmoda dei om å vere med i konkurransen.
Klassa til Martin får eit dataspel i premie, og dei innsende teikneseriane vert utstilte i Ivar Aasen-tunet utover våren.