Hopp til innhold

27.-plass for Mowinckel

Ragnhild Mowinckel (23) fekk det ikkje til å stemme under kvinnenes utfor i La Thuile i Italia i dag. Viktig erfaring, meiner NRKs ekspertkommentatorar.

Mowinckel

Arkivfoto: Det gjekk ikkje Ragnhild Mowinckel sin veg under kvinnenes utfor i La Thuile i Italia i dag.

Foto: DOMINIC EBENBICHLER / Reuters

Ragnhild Mowinckel sleit i utforløypa i La Thuile og kom i mål heile 5.35 sekund bak vinnaren Nadia Fanchini frå Italia. Mowinckel tapte mykje tid i bakken og enda til slutt på ein 27.-plass.

– Dette var ein svart dag for Mowinckel, sa NRKS kommentatorar Peder Mørtvedt og Bjarne Solbakken då alpinisten frå Molde kryssa mållinja.

Viktig erfaring

Trass i at utfor ikkje er Mowinckel sin sterkaste disiplin, meiner NRKS kommentatorar at desse renna er ei viktig erfaring.

– Ragnhild sankar viktig erfaring på slike renn så dette kjem ho til å få igjen for i sesongane som kjem, seier Bjarne Solbakken.

– Dette gir ho moglegheit til å hauste erfaringar å bygge opp rutine, held han fram.

– Ja, det blir truleg renn her i La Thuile også neste år, og då kan det vere lurt å ha lært seg bakken, seier Peder Mørtvedt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL