Hopp til innhold

– Forventar å sjå alle tre på pallen

Alpinekspert Bjarne Solbakken trur dei lokale alpintalenta Nina Løseth, Ragnhild Mowinckel og Sebastian Foss Solevåg kan nå langt i årets sesong.

Bjarne Solbakken etter alperittet

Alpinekspert Bjarne Solbakken trur dei lokale alpintalenta Nina Løseth, Ragnhild Mowinckel og Sebastian Foss Solevåg kan nå langt i årets sesong.

Foto: Bjørn Bjørkedal

Både Nina Løseth, Ragnhild Mowinckel og Sebastian Foss Solevåg skal konkurrere under verdscupen Åre denne helga. Alpinekspert Bjarne Solbakken trur det kan bli svært spennande å følgje dei tre alpinistane frå Møre og Romsdal i den komande sesongen.

– Om ein ser på tidlegare sesongar og utviklinga til desse tre utøvarane, så peikar pila oppover. Det er ganske spesielt å ha ein så dyktig trio frå same fylket som prestera bra både i Noreg og internasjonalt. Det er ikkje tvil om at dei kjem til å prestere, det er berre eit spørsmål om kor høgt dei når, seier han.

Tre sterke alpinistar

Solbakken trur dei lokale talenta har gode sjansar for å kome på pallen under årets sesong.

Nina Løseth

Nina Løseth frå Ålesund har fått ein god start på sesongen.

Foto: Norges Skiforbund
Ragnhild Mowinckel

Ragnhild Mowinckel har hatt ein litt meir utfordrande start på sesongen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix
Sebastian Johan Foss Solevåg

Sebastian Foss Solevåg hadde ein god sesong i fjor.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Nina Løseth frå Ålesund har fått ein god start på sesongen. I slutten av november køyrde ho inn til karriere beste under storslalåm i Aspen og Løseth har så langt imponert både i slalåm og storslalåm.

– Det er grunn til å vere optimist når ein ser på sesongopninga til Løseth. Ho har køyrt bra, men har framleis litt å gå på for å nå sitt fulle potensial, så eg håpar på full klaff i Åre denne helga, seier Solbakken.

For Ragnhild Mowinckel frå Molde har det vore ein litt meir utfordrande start på sesongen. Køyrde ut i Sölden, greidde ikkje å kvalifisere seg i Aspen og kom på ein 28.-plass under super-G i Lake Louise.

– Mowinckel har hatt ei fantastisk utvikling og tek nye steg år for år. Ho må berre riste av seg dei dårlege resultata og sjå framover. Om det ikkje losnar denne helga, så kjem det til å gjere det etter kvart, seier Solbakken.

– Mowinckel har kanskje ein litt lenger veg til pallen enn dei to andre, men ho ligg heilt i nærleiken, held han fram.

Sebastian Foss Solevåg startar offisielt sesongen med verdscuprennet søndag. Solbakken trur det blir spennande å følgje Ålesundaren i den komande sesongen.

– Solevåg hadde sin beste sesong i fjor, med ein tredjeplass i Zagreb. Han avslutta sesongen sterkt og vann NM. Han er offensiv og godt førebudd før denne sesongen, så eg trur vi kan vente gode resultat, seier han.

Viktig for vidare rekruttering

Dei lokale alpintalenta er også viktig for rekruttering og interessa for alpinsporten, meiner Solbakken.

– Det er kjempespennande både for klubbane og dei yngre løparane å ha eigne lokale førebilete som dei kan følgje med på. Her har vi utøvarar som presterer i verdstoppen, og det viser ungdomane at det er mogleg å nå langt om ein jobbar hardt nok, seier han.

Solbakken trur vi vil sjå mykje meir av dei tre alpinistane frå Møre og Romsdal i tida som kjem. Og den tidlegare toppalpinisten frå Stranda har gode råd til dei framstormande talenta.

– Det er snakk om unge utøvarar som ikkje har nådd potensialet sitt enno. Rådet mitt er å vere nysgjerrig og jobbe med dei rette tinga over tid. Det er mange faktorar som spelar inn, men etter mi erfaring er det lettare å bli litt betre i alt enn kjempegod på nokre ting, seier han.