Hopp til innhold

25 mistar jobben i Skodje

Møbelproduksjonen til Varier Furniture AS i Skodje vert avvikla.

Varier Furniture

25 tilsette i bedrifta Varier Furniture AS mistar jobben. Årsaka er at møbelproduksjonen skal flaggast ut til Polen.

Foto: Varier Furniture AS

Måndag ettermiddag melde Sunnmørsposten at 25 tilsette mister arbeidet i møbelbedrifta Varier Furniture i Skodje.

Fekk ikkje ned kostnadane

– Det er med tungt hjarte at vi måtte ta denne avgjersla, seier administrerande direktør Jesper Petersen til NRK.

Trass i iherdige forsøk dei siste 5–6 åra, lukkast ikkje bedrifta å få tilstrekkeleg ned produksjonskostnadene, forklarar han.

– Vi kjem ganske enkelt ikkje i mål når vi skal konkurrere med den europeiske marknaden der kostnadane er mykje lågare enn dei er i Noreg, seier Petersen.

Flyttar til Polen

Stolen Architect av Varier Furniture

Varier Furniture produserer mellom anna stolen «Gravity Balans». Pressefoto.

Foto: Varier Furniture AS

Møbelproduksjonen i Skodje vil halde fram dei neste 12–18 månadane, slik at det vert ei gradvis avvikling. Etter dette vil all produksjon truleg bli flytta til Polen.

– Dei siste åra har vi forsøkt å hente møbelkomponentar frå lågkostland som Romania, men det vart for tungvint og for høge fraktkostnader, seier Varier Furniture-direktøren.

Han understrekar at sjølv om produksjonsbiten no vert flytta til utlandet, så vil framleis blant anna design og marknadsføring bli operert frå Noreg. Etter avviklinga vil det vere att 10–12 tilsette i bedriftslokala på Håhjem i Skodje.

– Vemodig

Dei tilsette har lenge vore klar over dei vanskelege tilhøva til møbelindustrien i Noreg, men hadde likevel ikkje trudd at produksjonen skulle flaggast ut.

– Vi vil aldri kunne klare å produsere like billig som i Polen, seier Hanne Husøy som er hovudtillitsvalt i bedrifta.

Husøy er fornøgd med prosessen ikring oppseiingane, og seier at leiinga har strekt seg langt for å imøtekome behova til dei tilsette.

– Vi har hatt god bedrift der alle har stortrivst. At dette no er over, synest eg er svært trist og vemodig.