Hopp til innhold

24 000 var innom Jugendfest

Besøket var i overkant av det konsertarrangøren Momentium hadde venta.

24000 var innom Jugendfest

Roxette sørga for at mange av dei 24 000 tok turen til Jugendfest

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

– Tre dagar Jugendfest er over. Besøkstala er klare, og suksessen eit faktum , seier festivalsjef Ante Giskeødegård.

Meir folk enn venta

Ante Giskeødegård i Momentium

Festivalsjef Ante Giskeødegård i Momentium

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Festivalarrangørane hadde venta eit besøkstal på rundt 20 000.

– Det kom meir enn rekna med, og det er berre positivt. Eg trur folk har kosa seg, og vi får berre positive tilbakemeldingar, seier Giskeødegård.

Fornøgd med stadion

Giskeødegård seier dei var usikre på korleis Color Line stadion ville fungere som konsertarena gjennom festivalen.

Lars Vaular

Lars Valuar i aksjon under Jugendfest

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Vi må finjustere enkelte ting til neste år, men sett under eitt så fungerte stadion strålande, seier han. Røykesona i inngangspartiet var kanskje ikkje den beste løysinga, legg han til.

Ny fest hvis Rekdal vil

Oppryddinga er i gang etter Jugendfest

Oppryddinga er i gang på Color Line stadion i Ålesund

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Momentium er klare til å ta i bruk Color Line også neste år.

– Ryddearbeidet er no i full gang, og i morgon skal Kjetil Rekdal inspisere bana. Godkjenner han den, tek vi sikte på å sleppe til også neste år, seier Ante Giskeødegård.