Hopp til innhold

Hooteriade på Jugendfest

Dei amerikanske 80-talsrockarane slo til med hitparade på Jugendfesten fredag kveld.

The Hooters på Jugendfest i Ålesund

The Hooters leverte ein hitparade på Jugendfest fredag kveld

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Bandet med storheitstida på 1980-talet fekk folk til å løpe til Color Line stadion fredag. Bandet starta eit kvarter før annonsert tid. Framom scena var det relativt glissent, men dedikerte fans kom løpande til etterkvart som bandet trylla fram den eine hitlåten etter den andre.

Utruleg kjekt!

Håkon Bjerkan

Håkon Bjerkan frå Ålesund koste seg på The Hooters-konserten

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Håkon Bjerkan frå Ålesund har nesten spelt i stykker Hooters-platene sine. No er det ei stund sidan tonene sveiv ut av høgtalarane. I går kveld var det duka for gjenhøyr, men då med bandet i levande live!
– Det er utruleg kjekt å oppleve dei gamle heltane her i Ålesund, seier Bjerkan. God steming og høg mimrefaktor!
Han nikkar gjenkjennande etterkvart som dei gamle klassikarane dukkar opp.

Og dei kom alle saman: Day by Day, All you Zombies, Karla with a K, 500 miles, Sattelite, Johnny B., And we Danced.

Live Aid og The Wall Concert

The Hooters i Ålesund

The Hooters skapte god stemning under Jugendfest

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

The Hooters sin musikk er ei blanding av reagge, ska, og folkrock. I 1985 var dei med på Live Aid-konserten, som gjekk verda over. Dei spelte også på The Wall Consert i Berlin i 1990. I går var det altså Jugendfest som var spelestaden.

– It`s fantastic!

The Hooters på scena under Jugendfest

- It`s fantastic! The Hooters lovpriste naturen og veret i Ålesund

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

– It`s fantastic to be here in Ålesund, ropar vokalist Eric Bazilian.
Han lovpriste den norske naturen og sommaren. I går kveld var stadion bada i sol og varme.

– It`s lovely to play here this night, or day. It`s always day here in Norway in the summer. No night, sa Bazilian.

Bra live-band

Konsertarrangør Ante Giskeødegård i Momentium seier The Hooters svarte til forventningane.

Konsertarrangør Ante Giskeødegård i Momentium

Ante Giskeødegård i Momentium

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

– Det er eit bra live-band, trivelege karar alle saman. Eg synes dette var veldig bra.

Han vil tippe at mellom 2 og 3000 var innom Color Line Stadion den timen Hooters var på scena.
– Dette er eg veldig fornøgd med, seier Giskeødegård.