Hopp til innhold

The Prodigy laga stadionfest

Det er ein av dei største musikkfestivalane av sitt slag i Noreg. Artistar som Kaizers orchestra og Lars Vaular gjekk rett heim hos publikumet på den tre dagar lange festivalen i Ålesund.

På opningsdagen var det engelske The Prodigy som sto for den verkeleg store festen.

– Prodigy var høgdepunktet. Utan tvil, jubla Lars Olav Rørhus og Aslak Størksen etter vel 100 minutt med fest.

For det britiske bandet må ha vekt både Molde og Kristiansund, med eit volum og eit trøkk som var ute av denne verda.

Drog med seg publikum

Spenninga var stor før årets Jugendfest, men at festivalen har flytta ut av sentrum av Ålesund sentrum stoppa ikkje publikum.

The Presidents Of The United States Of America, Blodig Alvor, og Eva & The Heartmaker starta dag éin av tre på Color Line, før den verkelege festen starta.

Kaizers Orchestra drog til seg folkemassane like før 21.30, før Bergens-rappar Lars Vaular laga bassfest for ein enorm gjeng på den minste av dei to Jugend-scenene.

Midt under Vaular-konserten var det derimot godt med publikum framfor, ei då, tom hovudscene. Høgdepunktet på dag éin var framleis i vente ...

Saka held fram under bildet.

The Prodigy

Maxim Reality (fremst) og Keith Flint gav alt på scena.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

For ein fest!

Spenninga var stor, og trykket mot gjerda på hovudscena var enormt. Men så, litt forseinka, entra enorme The Prodigy scena.

Tre menn. 40, 42 og 45 år. Singletar, sjølvlysande mikrofonar, kvit sminke, bleika hanekammar og merke etter enormt med armhevingar og sit-ups. Steike, for eit show!

The Prodigy-fans

Aslak Størksen (t.v.) og Lars Olav Rørhus har høyrt på The Prodigy gjennom oppveksten. Å få sjå dei live var større enn størst.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Frå første stund gjekk publikum i taket, og dei mange, mange tusen slapp ikkje taket før siste ekstranummer var spelt.

Bandet frå Essex i England har ein imponerande katalog, med punk-inspirert electronica, rave og hardcore techno.

Høgdepunkta gjennom ein lang konsert blei legendariske «Smack My Bitch Up», «Firestarter» og «Breathe».

Gruppa gjekk på scena litt over 23.30, og godt over 01.00 takka bandet for seg. Eit utslite og fornøgd publikum rusla roleg mot utgangane.

– Dette var heilt fantastisk. Hadde aldri trudd at nokon så store kunne kome til Ålesund, sa Lars Olav Rørhus og Aslak Størksen – begge blodfans av The Prodigy.

Publikum The Prodigy

Det mangla ikkje folk på første dag av Jugendfest i Ålesund. Her under The Prodigy-konsert.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

På stadion i Ålesund er fotball bytt ut med musikk. I tre dagar kan publikum oppleve The Prodigy, The Hooters, Lidolido, Roxette, Avicii, Kaizers Orchestra, Maria Mena, Susanne Sundfør og så vidare.

Festivalen, med namnet Jugendfest, går over tre dagar på stadion i Ålesundl.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL