NRK Meny
Normal

- Heilt vanvittig bra!

Årets Jugendfest i Ålesund er over og dommen er klar: - Heilt vanvittig bra, seier publikum.

Publikum om jugendfest

- Jugendfest er vanvittig bra! Frå venstre: Mike Birkelund, Stefan Lausund, Helen Dyb, Andrea Skaugset

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Color Line Stadion er vanlegvis heimebana til Aalesunds fotballklubb. Torsdag, fredag og laurdag har fotball vore fotball, og stadion har vore arena for ein av dei største rockefestivalane i Noreg.

– Endeleg noko som skjer!

Venegjengen Mike Birkelund, Stefan Lausund, Helen Dyb og Andrea Skaugseth frå Ålesund har vore på fleire konsertar, og har kost seg stort.

Kos på Jugengfest i Ålesund

Venegjengen skryt at årets Jugendfest i Ålesund.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

– Endeleg skjer det noko stort på konsertfronten i Ålesund. Dette har vi venta på. Dette er bra, dette fortente vi, seier Mike Birkelund.

Han får støtte frå dei andre venene.

– Det er kjekt at Ålesund har blitt ein så god konsertstad, seier Stefan Lausund. Det skal bli digg å sjå Roxette, seier han.

Roxette rocka stadion

Eoxette samla tusentals til Jugendfest i Ålesund

Fleire tusen høyrte Roxette laurdag kveld.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Dei svanske rockeheltane i Roxette samla tusentals framom scena. Klassikarane som Sleeping in my car, How du you do, It must have been love fekk publikum til å synge med.

- Det er fantastisk å sjå dykka alle, ropte Marie Fredriksson.

Roxetter på Jugendfest i Ålesund

Roxette rocka Jugendfest.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Saman med Per Gässle utgjer ho den svenske duoen Roxette. Duoen blei danna i 1986 og har selt over 75 millionar plater. Dei har tidlegare spelt på store stadion rundt om i verda, i går var Color Line arenaen.

– Gler oss til neste år

Helen Dyb seier at ho allereie gler seg til neste års Jugendfest.

– Det har vore kjempekjekt å vere her i år. Ein skikkeleg opptur, og eg gler meg til neste år og nye band, seier Dyb.