Hopp til innhold

190 elevar sende heim frå dyvåt skule

190 elevar i Hareid blei fredag morgon sende heim frå ein dyvåt skule. Det lek frå taket på den gamle skulen etter kraftig regnvêr.

Hareid ungdomsskule

190 elevar måtte fredag sendast heim på grunn av taklekkasje ved Hareid ungdomsskule.

Foto: Svein Smørdal

Rektoren på Hareid ungdomsskule måtte fredag morgon sende heim igjen alle dei 190 elevane, etter å ha blitt møtt med taklekkasje og våte rom ved skulestart. Ifølgje Vikebladet Vesposten blei lekkasje oppdaga då vaskarane kom på jobb fredag morgon.

Siv-Marit Røyset Kaldhol

Rektor Siv-Marit Røyset Kaldhol seier det er beklageleg og trist med lekkasjen som fredag førte til at 190 elevar måtte sendast heim frå Hareid ungdomsskule.

Foto: Svein Smørdal / NRK

– Det er sjølvsagt veldig beklageleg og trist, seier rektor Siv-Marit Røyset Kaldhol.

Les også:

- Tragisk når det går utover borna

Johan Håkonsson

Taktekkar Johan Håkonsson hevdar lekkasjen fredag er resultat av at politikarane ikkje løyver nok pengar.

Foto: Svein Smørdal

Johan Håkansson i Ålesund Taktekking hevdar hareidpolitikarane ikkje løyver nok pengar til forefallande arbeid i kommunen, og seier den omfattande lekkasjen fredag er ein konsekvens av dette.

Det er tragisk når det går ut over det viktigaste vi har, borna. Det er galskap at kommunen ikkje får pengar til å ordne ting som er heilt nødvendig, seier han.

Ifølgje Håkansson er taktekkinga på den gamle skulen ferdig, men vatnet har tatt vegen ned ved ein vegg i dårleg forfatning.

- Håper politikarane vaknar

Taktekkaren viser også til forholda på gamleheimen og rådhuset i Hareid, og hevdar at taka heller ikkje der er tette.

- Vi har vore på sjukeheimen og forsøkt å lappe for å prøve å få til eit tett tak. Det er tragisk når dei pussar opp inne i sjukeheimen, før dei ordnar taket, det skulle vore tatt for 10-15 år sidan, seier Håkansson. No håper han at lekkasjen på skulen gjer inntrykk.

- Eg håper at politikarane vaknar no, seier han.

- Ukjend problemstilling

Fleire andre i kommunen som NRK har snakka med stadfestar det taktekkaren seier. Men ordførar Anders Riise i Hareid seier han ikkje kjenner seg igjen i framstillinga.

- Dette er heilt ukjent for meg, det er merkeleg at ein leverandør prøvar å sku ansvaret over på andre. Dette med mangel på pengar til nødvendig vedlikehald er ikkje er problemstilling som har vore lagt fram for oss, seier ordførar Anders Riise.

Han seier samstundes at situasjonen er trist, men at kommunen ikkje rår med ver og verforhold.

Vått i mange rom

Tørkevifte

Store byggtørker er no tatt i bruk for å prøve å bøte på vasskadane på Hareid ungdomsskule.

Foto: Svein Smørdal / NRK

Rektoren på ungdomsskulen seier dei tilsette begynte å sette ut bøtter, baljar og kar for å forsøkje å stoppe lekkasjen fredag morgon. Men det var fånyttes.

– Det har fylt seg med vatn på dei fleste toaletta våre, i aulaen er det vått, i gangar, garderobane til lærarane, på boklageret og enkelte klasserom, seier Røyset Kaldhol.

Ikkje full oversikt

Rektoren har førebels ikkje full oversikt over skadane på taket, men seier arbeidarar har vore i gang med å skifte det gamle taket den siste månaden. I ettermiddag skal takstmann og elektrikar gå gjennom skadane.

– Vi har hatt ein stor vasslekkasje i midtre del av bygget, og bygget har langt og flatt tak frå 1972, seier ho.

Håper å starte undervisninga igjen måndag

Eit reingjeringsbyrå har fredag formiddag tørka opp ein god del av vatnet på Hareid ungdomsskule, og rektoren håper å kunne starte opp igjen undervisninga måndag morgon.

– Dersom lekkasjen no blir tetta, skal vi klare å halde ope, og så er det jo berre ei veke til haustferien, seier rektoren. Ho trur dei også kan ta i bruk Hareidhallen i ein krisesituasjon, for å bruke toaletta og garderoben der.

Redda unna gamle kart

Fredag ettermiddag er lærarane, som skulle drive undervisning, i staden sysselsette med å rydde og hjelpe til.

– Dei har no rydda unna gamle kart og materiale som vi er redde for. Vi har også fått vekk bord og stolar frå dei verste lekkasjeplassane, seier Siv-Marit Røyset Kaldhol.

Samlar opp vatn

Kar og bossdunkar måtte fredag takast i bruk på Hareid ungdomsskule for å samle opp vatn frå taket.

Foto: Svein Smørdal

Vått i mange rom

Tørkevifte

Store byggtørker er no tatt i bruk for å prøve å bøte på vasskadane på Hareid ungdomsskule.

Foto: Svein Smørdal / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL