NRK Meny
Normal

Frydar seg over årets første hauststorm

Ålesundarane frydar seg over årets første hauststorm. Fredag morgon fekk vestlendingane smake kraftig vind og tette regnbyer etter tidenes sommar.

Janine Herren

Paraplyen til Janine Herren hadde ingen sjanse mot stormen i Ålesund fredag morgon.

Foto: Synnøve Hole

Det er varsla storm og store nedbørsmengder over heile Vestlandet dei neste dagane. Allereie fredag skapte vinden problem for fotgjengarar i Ålesund, og regnvêret gjorde mange søkkblaute for første gong denne hausten.

Les meir:

Tok ei ekstra runde i byen

Men mange tok uveret fredag med stor ro, enkelte til og med med glede. Etter ein uvanleg varm og langvarig sommar er mange kjempefornøgde med at årstida no skiftar.

Barbro Godø Thomassen

Barbro Godø Thomassen nyt uveret i Ålesund fredag.

Foto: Synnøve Hole

– Det er heilt fantastisk, endeleg litt ver! Eg måtte gå ein ekstra runde her i byen berre for å nyte det no før jobb. Vi har hatt fint ver så lenge, no var det på tide med litt regn og vind og skikkeleg ver, jublar Barbro Godø Thomassen.

På Skansekaia tok ho oppstilling i regnklede, rett mot vinden, for å kjenne vêret maksimalt.

Båtar i havsnaud

Førebels er det meldt om få skadar og problem som følgje av uveret. Politiet På Nordmøre og i Romsdal melder at redningsskøyta hjelper ein fiskebåt, etter å ha drive på land i Frænafjorden. I Fannefjorden skal ein fritidsbåt ha slite seg.

Sunnmørspolitiet melder om at eit tre har velta over fylkesvegen mellom Brattvåg og Vatne i Haram, og eit stillas skal ha blåse over ende på Valderøy i Giske kommune.

Vrengt paraply

Paraplyen til sveitsiske Janine Herren hadde ingen sjanse mot vinden i Ålesund sentrum fredag. Han vrengde seg tallause gongar, men Herren klagar ikkje.

– Det er ei oppleving å gå til kontoret no, smiler ho.

– Eg er ikkje vand med så mykje vind og regn, så eg syns det er interessant, seier ho før ho hastar vidare til jobb med våte bukser.

– Det er berre fint med ein storm, det har vore alt for mykje fint ver, supplerer Roy Knutsen.

Fiskebåtar inne til kai i Ålesund

Fleire båtar har gått til kai i Ålesund fredag.

Foto: Synnøve Hole
Full storm langs kysten

Meteorologisk institutt sende fredag ut OBS-varsel for kysten. Det er meldt liten storm og lokalt mykje nedbør i Nordland, og vest til sørvest full storm på kysten av Møre og Romsdal og Trøndelag, med sterke vindkast innover land. Også i Hordaland og Rogaland er det venta store nedbørsmengder laurdag.


Les også:

Tette slukar i regnet

Tom Barstad

Vaktmeister Tom Barstad på rådhuset i Ålesund har mykje ekstraarbeid med å reinske tette slukar fredag.

Foto: Synnøve Hole

Men ikkje alle er like glade for veromslaget. Vaktmeister Tom Barstad seier det blir mykje ekstraarbeid når det regnar så mykje som det gjorde fredag morgon.

– Det er eit heilt forferdeleg ver i dag. Det blir så mange tette slukar og mykje lauv, seier han. Men legg til at det ikkje er lov å klage.

– Ein gang må jo hausten kome. Vi må vel berre vere fornøgde med den sommaren vi har hatt, det har jo vore heilt fantastisk, så dette må vi berre tole, seier han.

Vil nyte dagen innandørs

Trine Klemetsen i motvind

Trine Klemetsen seier det er fantastisk med ruskevêr til helga.

Foto: Synnøve Hole

Også bypatriot Trine Klemetsen var ute i ålesundsgatene fredag, og priste vêret.

– Det er heilt fantastisk, endeleg litt ruskevêr! No kan vi kose oss litt inne også, det er jo så travelt å vere med på ting heile tida når det er fint ver. Det er jo ikkje lov å vere inne i Ålesund når det er finever, ler Klemetsen.

– Kor rask var du frå bilen og inn i dag?

– Rimeleg rask, men det var fordi eg hadde medvind, ler ho.

I dag var det ruskever over Moldefjorden

Vind og uver pregar også Moldefjorden fredag.