Hopp til innhold

Hurtigruter ventar på betre vêr

Hurtigruta MS «Richard With» ventar på betre vêr før dei kan krysse Hustadvika for å halde fram turen nordover. Skipet forlét Molde tidlegare, men vêret gjorde at dei ventar på å krysse Hustadvika.

– Det fører til at anløpa i Kristiansund og Trondheim blir kansellert, seier Tarjei Kramviken, kommunikasjonsrådgivar i Hurtigruta.

MS «Kong Harald» ligg i Trondheim og ventar på at vêret skal bli betre før dei seglar vidare sørover. Dermed er det ei lita forseinking på denne Hurtigruta også.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL