Hopp til innhold

Fjord1 fekk Storegutprisen

Fjord1, og matkonseptet Ferdamat, får Storegutprisen for god bruk av nynorsk i det offentlege rom.

Prisen blir delt ut av Nynorsk kultursentrum og Vener av Vinjesenteret. Fjord1 fekk prisen under Litteraturdagane i Vinje

– Det krev både mot og integritet å gjere all marknadsføring på nynorsk, og Fjord1 gjer det som ein naturleg del av verksemda. Dei viser at nynorsk er godt eigna til kommunikasjon med eit mangfaldig publikum, seier leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga i ei pressemelding.

På bildet ser ein Nordstoga og leiar for Ferdamat, Olav Strømstad. Han seier at Fjord1 har nytta nynorsk målform i det offentlege i mange år.

– Både om bord i fartøya, på nettsidene, i rapportar, i sosiale media og elles i malverket. For oss er det naturleg å skrive nynorsk, der målet er å skrive på ein god og lett forståeleg måte. Det er viktig for oss å ikkje bli for konservative i skriftspråket, men vise at det går an å skrive nynorsk som alle forstår, seier Strømstad.

Leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga og leiar for Ferdamat, Olav Strømstad.
Foto: Nynorsk Kultursentrum

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL