Hopp til innhold
Ivar Aasen-tunet på Sunnmøre
Foto: Gaute Øvereng / Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum

Oppsummert

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet og Allkunne i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Stiftinga driv Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet og Ulvik poesifestival annakvart år i september.

  • Går av som styreleiar

    I eit skriv til Kultur- og likestillingsdepartementet har Reidar Sandal meldt frå om at han trekker seg som styreleiar i Nynorsk kultursentrum med verknad frå dags dato. Det skriv Sandal sjølv i ei pressemelding. Der oppgir han spenningar i styret som er årsaka til at han no går av som styreleiar.

  • Ny direktør for Nynorsk Kultursentrum

    Olav Øyehaug Opsvik blir ny direktør for Nynorsk Kultursentrum. Det skriv stiftinga i ei pressemelding. I april i år blei det kjent at styret hadde gjort avtale med dåverande direktør Per Magnus F. Sandsmark om at han skulle gå av som direktør med umiddelbar verknad.

    Olav Øyehaug Opsvik kjem frå stillinga som forskings- og samlingsleiar i Nynorsk Kultursentrum, og startar i stillinga som direktør 27. november.

  • Fjord1 fekk Storegutprisen

    Fjord1, og matkonseptet Ferdamat, får Storegutprisen for god bruk av nynorsk i det offentlege rom.

    Prisen blir delt ut av Nynorsk kultursentrum og Vener av Vinjesenteret. Fjord1 fekk prisen under Litteraturdagane i Vinje

    – Det krev både mot og integritet å gjere all marknadsføring på nynorsk, og Fjord1 gjer det som ein naturleg del av verksemda. Dei viser at nynorsk er godt eigna til kommunikasjon med eit mangfaldig publikum, seier leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga i ei pressemelding.

    På bildet ser ein Nordstoga og leiar for Ferdamat, Olav Strømstad. Han seier at Fjord1 har nytta nynorsk målform i det offentlege i mange år.

    – Både om bord i fartøya, på nettsidene, i rapportar, i sosiale media og elles i malverket. For oss er det naturleg å skrive nynorsk, der målet er å skrive på ein god og lett forståeleg måte. Det er viktig for oss å ikkje bli for konservative i skriftspråket, men vise at det går an å skrive nynorsk som alle forstår, seier Strømstad.

    Leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga og leiar for Ferdamat, Olav Strømstad.
    Foto: Nynorsk Kultursentrum
  • Kjøper sete i teatersalen

    Nynorsk kultursentrum i Ørsta stiller opp for Det norske Teateret i form av å kjøpe seg eit sete i teatersalen. Bakgrunnen er at styresmaktene har sagt at det skal vere lik finansiering mellom Nathionaltheatret og Det Norske Teateret, som formidlar nynorsk. Men gapet er på 27 millionar kroner. No vender teateret seg til publikum og institusjonar for å finansiere kampanjen som skal bidra til å tette gapet. Det er høve til å kjøpe plakatar og billettar til strøyma arrangement og dei aller
    største donasjonane er å kjøpe eit sete i teatersalen.

    Teatersjef i Det Norske Teatret Erik Ulfsby og Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum.
    Foto: Helge Lothe
  • Får støtte i revidert nasjonalbudsjett

    Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingongstilskot på revidert nasjonalbudsjett.

    – Dette er svært. Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid med andre nynorskinstitusjonar. Millionane vil kome nynorskbrukarar spesielt i utsette pressområde til gode, seier konstituert direktør Gaute Øvereng i ei pressemelding.

    To av millionane går til prosjektet «Nynorsk som nasjonalt skriftspråk».

    – Gjennom kartlegging, forsking og utprøving av tiltak, vil ein finne ut kva ein kan gjere for å styrke bruken av nynorsk og den nynorske identiteten.

Per Magnus Finnanger Sandsmark tek over etter Ottar Grepstad som direktør i Nynorsk kultursentrum.