Havila og dei amerikanske partnarane sel alle aksjane i Fjord1 til to europeiske fond.
Utanlandske eigarar som ikkje betalar formuesskatt har tilgang på langt billegare kapital enn norske. Norske eigarar stiller med eit handikap på grunn av formuesskatten, seier Sævik
Dei europeiske fonda «DIF Capital Partners» og «EDF Invest» har kjøpt Fjord1, skriv reiarlaget i ei pressemelding.
Dei har etablert eit strategisk partnarskap gjennom eit konsortium, «Effra BidCo AS», og har kjøpt Fjord1 frå Havila Holding og Vision Ridge Partner, som begge har hatt 50 prosent eigarskap sidan 2021, heiter det vidare.
– Leiinga er tilfreds med at salsprosessen er gjennomført, og ser fram til å utvikle Fjord1 vidare saman med dei nye eigarane, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i pressemeldinga.
Fjord1 er i Oslo tingrett frifunnet for et krav fra Møre og Romsdal fylkeskommune om tilbakebetaling av 20,8 millioner kroner. Det skriver Tidens Krav. Fylkeskommunen må i stedet betale både deres og motpartens saksomkostninger på omtrent 700.000 kroner.
Ifølge avisa mente fylkeskommunen at Fjord1 hadde fått utbetalt 20,8 millioner kroner for mye i forbindelse med to fergekontrakter i Romsdal og på Sunnmøre, og fremmet derfor et krav om tilbakebetaling av pengene.
Nå har Oslo tingrett avvist kravet med at det anses oppgjort gjennom et forlik, og at fylkeskommunen må betale saksomkostningene.
Fjord1, og matkonseptet Ferdamat, får Storegutprisen for god bruk av nynorsk i det offentlege rom.
Prisen blir delt ut av Nynorsk kultursentrum og Vener av Vinjesenteret. Fjord1 fekk prisen under Litteraturdagane i Vinje
– Det krev både mot og integritet å gjere all marknadsføring på nynorsk, og Fjord1 gjer det som ein naturleg del av verksemda. Dei viser at nynorsk er godt eigna til kommunikasjon med eit mangfaldig publikum, seier leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga i ei pressemelding.
På bildet ser ein Nordstoga og leiar for Ferdamat, Olav Strømstad. Han seier at Fjord1 har nytta nynorsk målform i det offentlege i mange år.
– Både om bord i fartøya, på nettsidene, i rapportar, i sosiale media og elles i malverket. For oss er det naturleg å skrive nynorsk, der målet er å skrive på ein god og lett forståeleg måte. Det er viktig for oss å ikkje bli for konservative i skriftspråket, men vise at det går an å skrive nynorsk som alle forstår, seier Strømstad.
Rothchild & Co. er engasjert til å marknadsføre Fjord1 overfor eventuelle kjøparar. Det skriv Vestlandsnytt som viser til Finansavisen. Dermed kan det føre til eit sal av ferjereiarlaget som er eigd av herøyselskapet Havila Holding (Sævik-familien) og amerikanske Vision Ridge Partners.
Per Sævik seier til avisa at årsaka til salet skriv seg frå det faktum at amerikanske Vision Ridge Partners ønsker ei prisvurdering av Fjord1. Han seier vidare at det kan tenkast at dette er rett tidspunkt å selje seg ut på, spesielt om prisen er rett.