Hopp til innhold

Måtte setje konsert på vent under Jugend i Ålesund

Kamelen sin konserten under Jugend i Ålesund måtte fredag kveld stoppast for ei kort stund. Årsaka var stor trengsel blant publikum. Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Roar Fylling ved Politiets Operasjonssentral fortel at avgjersla om å stoppe konserten vart gjort at folk på staden, ikkje av politiet. Konserten starta opp igjen etter ein kort pause.