Hopp til innhold

Oppmodar om å vente med hogst

Landbruksdirektøren og fylkesskogmeisteren i Møre og Romsdal bed skogeigarane vente eit par tiår lenger før dei høgg ned skogen til tømmer.

80 prosent av grantre som blir hogd i Møre og Romsdal blir tekne ned når trea er rundt 50 år gamle. Men grantre kan utvikle seg mykje fram mot 70-årsalder, og det er god økonomi i å vente til grantrea har henta ut heile vekstpotensialet, skriv dei to i ein kronikk som blei publisert i dag.

I kronikken står det også at det er eit godt klimatiltak å la grantrea stå nokre år ekstra for å ta opp i seg CO₂ frå lufta.

Høge tømmerprisar har ført til rekordstor hogst også i Møre og Romsdal dei siste par åra.

Skogsrydding
Foto: Brede Røsjø / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL